Seier nei til verneplan – ber om heilskapleg tiltaksplan for Sognefjorden

Sogn og Fjordane Næringsråd ber Statsforvaltaren stanse arbeidet med den føreslegne marine verneplanen for Sognefjorden. Me ønskjer i staden ein heilskapleg tiltaksplan som tek vare på naturverdiane og sikrar rom for busetjing, arbeidsplassar og næringsutvikling langs fjorden.

Ein frisk fjord er viktig for både innbyggjarane og næringslivet. I høyringsuttalen støttar næringsrådet målretta tiltak for å ta vare på naturverdiane i Sognefjorden, men meiner eit omfattande områdevern er feil verkemiddel.

Me er uroa for at verneplanen vil avgrense utviklinga av eksisterande verksemder og gjere det vanskelegare å etablere ny aktivitet. Uklare grenser mellom vern og bruk, meir sakshandsaming og større uvisse kan få konsekvensar for investeringar og arbeidsplassar.

Må vurdere dei samla konsekvensane

Næringsrådet etterlyser eit betre kunnskapsgrunnlag om kva verneforslaget vil bety for samfunna langs fjorden. Me ber om ei supplerande samfunns- og næringsanalyse som omfattar verdiskaping, arbeidsplassar, busetjing, samfunnstryggleik og framtidig utviklingsrom.

Analysen må særleg vurdere konsekvensane for akvakultur, industri, energiinfrastruktur, fylkesvegar, ferjesamband, hamner og annan fjordbasert verksemd. Beredskapen i dag og i framtida må òg gjennomgåast.

Det er ikkje tilstrekkeleg å vurdere kvar sektor isolert. Me må få fram korleis fleire restriksjonar over tid verkar saman, og kva dette betyr for både dagens næringsliv og framtidige næringar.

Ønskjer målretta tiltak og lokal medverknad

SFN meiner eksisterande lovverk og forvaltning gir grunnlag for å stille konkrete miljøkrav og regulere aktivitet. Innsatsen bør rettast mot betre samordning og målretta tiltak.

I uttalen ber me om ein heilskapleg tiltaksplan etter modell frå Oslofjorden. Målet må vere å betre miljøtilstanden, ta vare på biologisk mangfald og viktige naturverdiar, og sikre berekraftig bruk av fjorden. Kommunane og fylkeskommunen må ha ei sentral rolle i forvaltninga.

Næringsrådet støttar vedtaket i fylkesutvalet 21. oktober 2026, som rår frå det føreslegne marine vernet og tilrår ein heilskapleg tiltaksplan.

Sognefjorden er både naturgrunnlag, arbeidsplass og livsgrunnlag. Forvaltninga må ta vare på fjorden og gi lokalsamfunna høve til å utvikle seg.

Les heile høyringsuttalen frå Sogn og Fjordane Næringsråd (PDF)

Stortingsfleirtalet vil stanse omkampen om Hafstadfjelltunnelen

Seks parti på Stortinget går saman mot ein ny planprosess for E39 Storehaugen–Førde. For Sogn og Fjordane Næringsråd er dette ein viktig delsiger etter målretta arbeid saman med kommunen, arbeidslivet og andre regionale aktørar.

MDG, Venstre, Høgre, Frp, Senterpartiet og KrF melder at dei vil stoppe regjeringa sitt forslag om å sende Hafstadfjelltunnelen ut i ein ny planprosess. Det kjem fram i ei felles melding frå opposisjonspartia, omtalt i Firda.

Statens vegvesen ønskjer ein ny reguleringsplan for å redusere kostnadene i prosjektet. Dei seks partia meiner det er tid for å kome vidare, og støttar opp om den lokalt vedtekne planen.

SFN har arbeidd for å unngå ein ny omkamp

E39 Storehaugen–Førde, med tunnel gjennom Hafstadfjellet, har vore ei prioritert samferdslesak for SFN over tid. Næringsrådet har arbeidd for at prosjektet skal vidareførast etter gjeldande plan, og åtvara mot at ein ny planprosess kan føre til forseinkingar og svekkje prosjektet si nasjonale prioritering.

I juni sende SFN brev til samferdsleministeren med krav om å stanse arbeidet med ny reguleringsplan og prioritere bompengeproposisjonen og den eksterne kvalitetssikringa, KS2.

24. august følgde SFN opp med ein fellesuttale saman med NHO Vestland og LO Vestland. Uttalen gjekk til samferdsleministeren, med kopi til transport- og kommunikasjonskomiteen, stortingsbenken frå Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune. Kravet vart òg følgt opp inn mot transportkomiteen sitt møte i Bergen dagen etter.

Dagleg leiar Bjørn Lødemel framhevar at SFN har stått i fremste linje saman med Jenny Følling og andre aktørar. Han vurderer utviklinga som ein svært viktig delsiger for prosjektet.

Breitt politisk støtte til å kome vidare

I meldinga legg partia vekt på at lokalpolitikarane har vore samstemte, og at den vedtekne planen må få gjelde. Høgre viser til at Hafstadfjelltunnelen ligg inne i første periode av Nasjonal transportplan. Senterpartiet understrekar behovet for rask oppstart, medan Venstre trekkjer fram den krevjande trafikksituasjonen på dagens veg.

For SFN er det vesentlege at det langsiktige arbeidet no møter brei politisk støtte på Stortinget. Næringslivet treng tryggare transport, betre framkomst og føreseieleg framdrift i viktige samferdsleprosjekt.

Frå politisk gjennomslag til gjennomføring

Den felles meldinga frå dei seks partia er eit viktig politisk gjennombrot. Neste steg er å følgje opp at standpunktet blir omsett i avklaringar og framdrift for prosjektet.

SFN vil halde fram arbeidet for å få på plass bompengeproposisjon, kvalitetssikring og finansiering som legg grunnlaget for byggjestart. Erfaringane frå saka blir òg tekne med i arbeidet med neste rullering av Nasjonal transportplan.

Les saka i Firda: Stortinget stansar tunnel-omkampen.

Les òg den tidlegare saka om SFN sitt krav om å stoppe ny reguleringsplan.

Marint vern av Sognefjorden: Les fellesinnlegget og bli med på frukostmøte

Kva vil framlegget om marint vern av Sognefjorden bety for naturen, næringslivet og utviklinga i regionen? Sogn og Fjordane Næringsråd og Sogn Næring inviterer til frukostmøte tysdag 20. oktober. Her kan du òg lese heile fellesinnlegget frå SFN, NHO Vestland, Sjømat Norge og sju ordførarar langs fjorden.

Frukostmøte 20. oktober

Me samlar næringsliv, forvaltning og politiske representantar til innlegg og debatt om framlegget til marin verneplan. Møtet skal belyse ulike syn på vern og konsekvensane for næringslivet langs Sognefjorden.

  • Dato: Tysdag 20. oktober 2026
  • Tid: Kl. 07.30–10.00. Frukost frå kl. 07.30, programstart kl. 08.00.
  • Stad: Svingen, Fosshaugane Campus i Sogndal
  • Arrangørar: Sogn og Fjordane Næringsråd og Sogn Næring

Meld deg på frukostmøtet her.

Program

  • 07.30: Frukost
  • 08.00: Velkomen frå Sogn Næring og Sogn og Fjordane Næringsråd
  • 08.10: Innlegg frå Sognekraft ved Terje Bakke Nævdal
  • 08.30: Innlegg frå Osland Havbruk ved Marianne Notøy Bøe
  • 08.50: Innlegg frå Statsforvaltaren ved Eline Orheim
  • 09.15: Pause
  • 09.25: Paneldebatt
  • 10.00: Avslutning

I panelet deltek Bjørn Lødemel frå SFN, ein representant frå Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, Kjell Bøe Bjørgum, ordførar i Aurland (Ap), Vibeke Johnsen, gruppeleiar for SV i Sogndal, og Eline Orheim frå Statsforvaltaren.

Det kan kome endringar i programmet.

Fellesinnlegg: Skal Vestland bli museum?

SFN har saman med NHO Vestland, Sjømat Norge og sju ordførarar teke til orde for at konsekvensane for busetjing, arbeidsplassar og regional utvikling må vurderast før eit vern blir vedteke. Nedanfor følgjer heile lesarinnlegget i original språkdrakt. Innlegget uttrykkjer underskrivarane sine vurderingar og standpunkt.

Av Sondre Olsen (regiondirektør NHO Vestland), Ingrid Lundamo (Sjømat Norge), Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane Næringsråd), Petter Sortland (ordførar Høyanger), Christian Sønstlien (ordførar Årdal), May-Lynn Osland (ordførar Gulen), Roy Egil Stadheim (ordførar Vik), Kjell Bøe Bjørgum (ordførar Aurland), Audun Mo (ordførar Lærdal) og Kjell Eide (ordførar Hyllestad).

Sognefjorden er allerede godt beskyttet. En ny marin verneplan vil stanse investeringer, utvikling og nye arbeidsplasser.

Statsforvalteren i Vestland foreslår å verne hele Sognefjorden. Planen har fått overraskende lite allmenn oppmerksomhet, selv om den vil få store konsekvenser for næringsutvikling i alle kommunene rundt fjorden.

I praksis er dette en stor mistillit fra Regjeringen til kommunene rundt Sognefjorden. I stedet for å stole på at kommunene vil forvalte egne arealer på en fornuftig måte, vil de gjøre omtrent alle fremtidige endringer avhengig av dispensasjon fra Statsforvalteren. Det vil som vi vet bli svært krevende å få.

Sognefjorden vernes allerede – på mange måter. Det foreslåtte marine verneområdet grenser til 15 naturreservater og overlapper med tre landskapsvernområder. I 2003 fikk indre del av fjorden status som nasjonal laksefjord, og med det fulgte strenge miljøkrav for oppdrett.

I tillegg sørger vannforskriften, forurensingsloven og naturmangfoldsloven til å beskytte natur og miljø. Plan- og bygningsloven sikrer også at hensynet til natur og miljø blir vurdert før ny virksomhet tillates.

Sognefjorden er ikke den eneste fjorden som omfattes av marint vern, men forslaget er uvanlig stort og omfatter det meste av fjordsystemet.

Før et så omfattende vern innføres, må myndighetene i alle fall dokumentere hvilke naturverdier som ikke blir godt nok ivaretatt i dag, og hvilke konkrete miljøproblemer vernet skal løse.

Ti kommuner blir berørt av et eventuelt vern. Den nye foreslåtte planen vil virke som et lokk over hele fjorden. Den vil stanse innovasjon, teknologiutvikling og naturlig næringsutvikling.

Sogn produserer i dag mer kraft enn regionen bruker, og står for rundt ti prosent av vannkraften i Norge. Da burde vi benyttet sjansen til å skape flere arbeidsplasser der kraften faktisk blir produsert. Alternativet er å bygge ned mer natur, for å få fraktet strømmen til arbeidsplasser andre steder i landet.

Sognefjorden har i dag også 29 akvakulturanlegg som eksporterer fisk til hele verden. I tillegg er det åtte aktive industrivirksomheter rundt fjorden, og viktige havner og samferdselsårer.

En verneplan vil stenge døren for utvidelser og ny virksomhet. Det betyr at investeringer og arbeidsplasser vil bli lagt til andre fjorder.

For industrien vil det bli praktisk umulig å etablere nye næringskaier eller utvidelser som krever arbeid under vannflaten. For reiselivet blir sjøbasert turisme vesentlig vanskeligere. Selv landbruket langs fjorden vil få strengere miljøkrav som følge av verneplanen. Lokaldemokratiet blir fullstendig tilsidesatt.

Verktøyene vi allerede har for vern av Sognefjorden fungerer bra. De beskytter miljøet, samtidig som de åpner for forsvarlig næringsutvikling der det lar seg gjøre på en fornuftig måte.

Dette handler om mer enn en enkelt verneplan. Det handler om i hvilken grad man skal gjøre en så stor del av Vestland til et museum, uten mulighet for videre næringsutvikling.

Forslaget gjelder 1003 kvadratkilometer sjøareal i ti kommuner. Hvorfor ramme hele Sognefjorden når eksisterende regler allerede beskytter naturen?

Før man vedtar vern må det gjøres en full vurdering av konsekvensene for bosetting, arbeidsplasser og regional utvikling. Kommunene rundt fjorden må selv få ta stilling til hva slags næringsliv og satsinger de vil ha de neste tiårene.

Sognefjorden trenger investeringer og arbeidsplasser som gjør det mulig å bo i distriktet, ikke unødvendige og meningsløse begrensninger.

Innlegget har stått på trykk i Bergens Tidende. Les òg innlegget hjå NHO Vestland.

Markerte gjennombrotet for Stad skipstunnel med kake

Styret og administrasjonen i Sogn og Fjordane Næringsråd markerte det politiske gjennombrotet for Stad skipstunnel med kake på PEAK Sunnfjord 11. juni. Etter mange år med arbeid er det no semje om å gå vidare med prosjektet. Den endelege handsaminga i Stortinget er venta 19. juni.

Stad skipstunnel har vore ei prioritert sak for SFN heilt sidan skipinga i 2016. Markeringa på styremøtet kom etter at det vart klart at det ligg an til fleirtal for bygging i samband med revidert nasjonalbudsjett.

For næringsrådet er dette eit viktig resultat av langsiktig samarbeid mellom næringsliv, kommunar, organisasjonar og folkevalde. Mange har arbeidd for tunnelen i fleire tiår. SFN har bidrege gjennom politisk kontakt, høyringsinnspel, kunnskapsformidling og arbeid i Innsatsgruppa for Stad skipstunnel.

Frå forslag om skrinlegging til politisk gjennombrot

Regjeringa føreslo å skrinleggje prosjektet i framlegget til statsbudsjett for 2026. Hausten 2025 mobiliserte næringslivet og støttespelarane langs kysten for at Kystverket skulle få fullføre forhandlingane med entreprenørane og få fram ein endeleg pris.

SFN var aktive i dette arbeidet og var med på å etablere Innsatsgruppa for Stad skipstunnel. Eit fleirtal på Stortinget sikra i oktober 2025 at forhandlingane kunne halde fram.

Gjennom vinteren og våren har innsatsgruppa arbeidd vidare med møter, dokumentasjon og kontakt med fleire parti. SFN har mellom anna løfta saka gjennom Næringsalliansen Vestland og i møte på Stortinget. Kunnskapsmøtet på Stortinget i april samla mellom 60 og 70 deltakarar, og leiar i innsatsgruppa, Elisabeth Hatlenes, orienterte om arbeidet på SFN sin årskonferanse i Loen 4. mai.

Høgre si avklaring om støtte 6. juni var eit viktig steg mot fleirtal. Deretter kom semja i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett som opnar for at prosjektet kan realiserast.

Tryggare sjøtransport og rom for næringsutvikling

Stad skipstunnel skal gi tryggare og meir føreseieleg sjøtransport forbi det vêrutsette havområdet ved Stad. For næringslivet langs kysten handlar prosjektet om transport, regularitet og betre vilkår for å utvikle verksemdene.

Arbeidet framover må òg handle om korleis regionen kan nytte moglegheitene tunnelen gir. SFN vil følgje opp prosjektet saman med samarbeidspartnarane og bidra til at det blir lagt til rette for næringsutvikling både i byggjeperioden og etter at tunnelen er teken i bruk.

Det politiske gjennombrotet fortener ei markering. Samstundes står den formelle handsaminga i Stortinget 19. juni og den vidare gjennomføringa att. SFN held fram arbeidet for å få tunnelen realisert.

Les bakgrunnen for SFN sitt arbeid med Stad skipstunnel.

Biletet: Styret og administrasjonen markerte gjennombrotet med kake på PEAK Sunnfjord 11. juni 2026. Bak frå venstre: Kristin Bergstøl Hansen, Tore Bråstad, Lars Hellandsjø og Hildegunn Fure Osmundsvåg. Framme frå venstre: Jørgen Drage, Yngve Hallén, Bjørn Lødemel og Erlend Fardal Lunde.

Frukostmøte om eigedomsutvikling i Førde 5. juni

Sogn og Fjordane Næringsråd inviterer i samarbeid med Harris Advokatfirma til frukostmøte om eigedomsutvikling torsdag 5. juni på PEAK Sunnfjord.

Møtet samlar offentlege og private aktørar som jobbar med eigedomsutvikling, planarbeid og næringsutvikling til faglege innlegg, oppdateringar og diskusjonar om aktuelle problemstillingar innan eigedom og samfunnsutvikling.

Gjennom morgonen får deltakarane både juridiske oppdateringar, innsikt i utviklingstrekk og konkrete eksempel frå praksis.

Program

Frukost: kl. 08:00–08:30
Program: kl. 08:30–10:30
Stad: PEAK Sunnfjord

Nytt frå juss og praksis i plan- og bygningsretten

v/ Ingrid Kyvig, Harris Advokatfirma

Rask gjennomgang av nye lovendringar, rettspraksis, uttaler frå departementet og praksis frå Sivilombodet.

Tema omfattar mellom anna:

  • lemping og nye krav i TEK
  • sakshandsamingstid
  • ugyldige kommuneplanføresegner
  • lovforslag om bygging på myr
  • terskel for dispensasjon
  • bruksendring og oppdeling av bueiningar
  • rettkomne reguleringsforventningar
  • motsegn i plansaker 2025

Er Førde attraktiv?

Kva skal til for at bedrifter og folk skal etablere seg i Førde?

v/ Knut S. Vareide, Telemarksforsking

Telemarksforsking har over fleire tiår forska på kva som skapar vekst i kommunar, og set no Førde «under lupen». Her får deltakarane innsikt i kva som påverkar attraktivitet, etablering og utvikling i regionen.

Erverv av grunn/bruksrettar og verdsetting av utviklingsareal

v/ Kathrine Lien Mjell, Harris Advokatfirma

Gjennomgang av aktuelle problemstillingar knytt til utviklingseigedomar, mellom anna:

  • Førde-pakken og to overskjønn frå Gulating lagmannsrett – erstatningsnivå for utviklingsareal og LNF-areal
  • korleis sikre tilkomst over naboeigedom ulike vegar til målet ved utvikling av eigedom

Statlege og regionale forventningar til planarbeid

v/ kommunaldirektør Synnøve Stalheim, Statsforvaltaren

Innlegg om forventningar til planarbeid og utfordringar offentlege og private aktørar må løyse i lag, inkludert motsegn og samhandling i plansaker.

Påmelding

Arrangementet er ope for både medlemar og andre interesserte aktørar.

No kjem «Rikets tilstand» for Sogn og Fjordane

Ny ringverknadsanalyse skal gi Sogn og Fjordane eit felles kunnskapsgrunnlag. – Målet er konkrete veksttiltak for regionen, seier direktør for bedriftsmarknad i Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund.  

Ei ny nærings- og ringverknadsanalyse for Sogn og Fjordane skal gi eit oppdatert bilde av utviklinga i regionen – og danne eit felles grunnlag for prioriteringar, samarbeid og framtidige satsingar.

Analysa skal heite «Ringar i vatn – vekstkompass for Sogn og Fjordane». Prosjektet er sett i gang av SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Næringsråd, medan konsulentselskapet Tell har fått oppdraget med å gjennomføre analysen.

  • Vi ønskjer å bidra til eit felles og grundig kunnskapsgrunnlag som kan peike ut retning for heile Sogn og Fjordane. Vi ser eit stort behov for ei felles innsikt og eit samla kompetansegrunnlag som kan samle kommunar, næringsliv og utviklingsmiljø om dei store valga framover,seier Roy Stian Farsund, som er direktør for bedriftsmarknad i Sogn og Fjordane.

Målet er at analysen skal vere eit praktisk verktøy som kan oppdaterast jamleg – og som gir større verdi enn ein tradisjonell rapport.

  • Basert på funn frå analysen skal det utarbeidast ein tiltaksplan med klare anbefalingar for kva regionen bør satse på – og korleis ein best kan leggje til rette for framtidige investeringar, fortel han.   

Gir regionen eit felles utgangspunkt

Analysen tar for seg korleis regionen blir påverka av store endringar dei siste åra, som til dømes energisituasjonen, demografiutfordringar og nye geopolitiske forhold. I tillegg skal den sjå på korleis kommunar, tettstader og næringar spelar saman som ein felles bu- og arbeidsmarknad.

– Sogn og Fjordane treng ei samla forståing av styrkar, flaskehalsar og dei store moglegheitene som ligg framfor oss. Denne analysen er eit viktig grep for å skape felles retning – og for å styrke samarbeidet på tvers av heile regionen,seier Bjørn Lødemel, leiar for Sogn og Fjordane Næringsråd.

Samfunnsnytta i førarsetet

Første del av rapporten vil bli presentert som ein «Rikets tilstand» under Heilekonferansen i august.

Deretter skal det lagast tre delrapportar frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det ferdige kunnskapsgrunnlaget skal klart i desember 2026, og vere ope tilgjengeleg for alle.

  • Dette skal vere eit kunnskapsgrunnlag alle kan bruke, både dei lokale næringsorganisasjonane, bedriftene og politikarar.

Prosjektet er no i gong, med ei styringsgruppe, samt prosjektgrupper for Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Arbeidet med å intervjue næringslivet over heile regionen er no i gong. I tillegg skal det sendast ut ei kvantitativ undersøking til rundt 200 respondentar.

  • Vi er svært tekksame for at vi har så mange dyktige næringslivsfolk og næringsorganisasjonar med oss i dette arbeidet, og ser fram til å få resultatet, fortel direktør for bedriftsmarknad i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund.

Næringsrådet sin årskonferanse

Velkomen til Hotel Alexandra måndag 4. mai 2026. Sogn og Fjordane Næringsråd fyller 10 år og inviterer til jubileumsmiddag og årskonferanse.

Me har fått på plass eit særs spennande program med innlegg frå den tidlegare stjernediplomaten Kåre Aas . Han er tidlegare ambassadør til USA, Israel og Afghanistan, og er i dag spesialrådgjevar i Kruse Larsen med ansvar for forsvar, tryggleik og utanrikspolitiske spørsmål.

Frå ein røff oppvekst i ei lita leilegheit på Tøyen til toppnivå i internasjonalt diplomati. Kåre R. Aas har gjort ei sjeldan klassereise – skildra i boka «Diplomati i en verden som brenner» – og blir gjerne omtala som ein stjernediplomat. Aas har brei erfaring frå norsk utanriksteneste. Han har vore politisk direktør i Utanriksdepartementet, leia den sikkerheitspolitiske avdelinga, vore ministerråd ved Noregs delegasjon til NATO, og hatt teneste i Chile og Genève.

Du får også høyre frå Natalia Antonia Golis, Generalsekretær i Fritt Ukriana. Golis har dei siste åra markert seg som ein av dei mest uredde og internasjonalt orienterte samfunnsaktørane i Noreg. Som generalsekretær i Fritt Ukraina har ho stått heilt i front for norsk støtte til Ukraina sidan 2022 – eit arbeid som både er politisk krevjande og personleg risikofylt. I 2024 vart ho tildelt æresmedaljen frå Det nasjonale militærakademiet i Ukraina for innsatsen sin.

I tillegg møter du Olivia Bakektun frå Statsforvalteren Vestland, Ingrid Nergaard Fjeldstad frå Skattekommisjonen, Ola Grytten frå NHH og representantar for det lokale næringsivet.

Jubiluemsmiddagen blir på Hoven der me får ein 3-rettars festmiddag og underhaldning frå Finn Tokvam og Olav Stedje.

Billettar er i salg på  Checkin. Me håpar å sjå deg i Loen 4. mai!

SFN møtte Stortingsbenken: – Viktig å halde trykket oppe for næringslivet i vest

11. november var Sogn og Fjordane Næringsråd på Stortingsbesøk saman med medlemsbedrifter og representantar for næringslivet i Sogn og Fjordane. Ein ønska å løfte fram aktuelle næringspolitiske saker og knyte kontakt med den nye stortingsbenken. På agendaen stod alt frå samferdsel og småkraft til havbruk, reiseliv og fiskeri.

– Me er glade for å få kome inn og møte Stortingsbenken vår og få presentert dagsaktuelle saker. Sogn og Fjordane Næringsråd har blitt ein viktig næringspolitisk organisasjon i vest og har etablert gode alliansar på heile Vestlandet. Vi ser fram til å jobbe tett saman med alle fire på benken i denne fireårsperioden, sa Bjørn Lødemel frå Sogn og Fjordane Næringsråd.

Samferdsel, samarbeid og strategisk arbeid

Lødemel orienterte om arbeidet næringsrådet gjer for å styrke samferdsla i regionen – mellom anna arbeidet for oppstartløyving på E39 Storehaugen–Førde og Stad skipstunnel. Sogn og Fjordane Næringsråd har vore med på å opprette ei innsatsgruppe for Stad skipstunnel som allereie har sendt høyringsuttale til statsbudsjettet.

– Innsatsgruppa jobbar no med ein omfattande strategiplan og skal halde trykket oppe i heilt fram til endeleg avgjerd for tunnelen til våren, understreka Lødemel.

Banken: – Treng stabile rammevilkår

Roy Stian Farsund frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane peika på at usikkerheit rammar fylket hardt, særleg innan bygg og anlegg.

– Næringslivet i Sogn og Fjordane er solid og robust, men avhengig av føreseielege rammer. Stabile vilkår er heilt avgjerande for både banken og kundane våre, sa Farsund.

Han løfta fram naturressursar og fornybar energi som fylket sine store fortrinn, og peika på at landbruket sysselset over 2 800 personar og skaper store ringverknader. Småkraft og havbruk vart trekt fram som viktige framtidsnæringar – men med aukande politisk risiko.

– Me ser no at eksterne politiske føringar skapar usikkerheit. Med investeringar som varer i 30 år må rammevilkåra vere stabile, sa han.

Småkraft: – Bransjen står i krise

Bjarte Skår frå Småkraft AS leverte eit sterkt innlegg om situasjonen for småkraftbransjen etter regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt. Sjølv om eit fleirtal på Stortinget ønskjer å stanse høyringa er det usikkert kva regjeringa vil gjere. Det skapar framleis stor usikkerheit. 

– Me har bygd opp lokale arbeidsplassar og verdiskaping gjennom 20 år. No står mykje i fare for å bli klubba ned. Det er krise for bransjen, sa Skår.

Han fortalde at 233 GWh i prosjekt er stoppa etter vedtaket, 34 kraftverk ligg på vent, og fleire selskap står i fare for konkurs.

– Me treng at Stortinget no følgjer opp fleirtalet sitt vedtak og stoppar høyringa, understreka Skår.

Havbruk: – Må sjå næringspolitikk og busetnad i samanheng

Øyvind Kråkås frå Firda Seafood Group tok opp konsekvensane av Havbruksmeldinga og dagens trafikklyssystem.

– Sogn og Fjordane har hatt tre nedtrekk i raud sone og dermed 18 % reduksjon i produksjon. Systemet tek ikkje omsyn til gode aktørar med låg dødelegheit og god fiskevelferd, sa Kråkås.

Han åtvara mot konsekvensane for lokalsamfunn:

– Tap av arbeidsplassar og svekka kommunal økonomi vil føre til fråflytting. Næringspolitikk, kommunepolitikk og busetnad må sjåast i samanheng, elles står liv og lys i bygdene i fare, sa han.

Reiseliv: – Flåmsbana er samfunnskritisk infrastruktur

Per Brochmann frå Norways Best fortalde om utviklinga i Aurland, der reiselivet no står for 70 % av omsetninga i næringslivet – heile 1,6 milliardar kroner i 2024.

Han peika på at Flåmsbana er avgjerande for både lokalsamfunn og vinterturisme.

– Staten betalar ingenting for drifta i dag, og me taper 30 millionar i vintersesongen for å halde tilbodet oppe. Dette er samfunnskritisk infrastruktur. Viss konsesjonen ikkje blir vidareført med direkte tildeling, står vinterdrifta i fare, sa Brochmann.

Fiskeri: – Deltakarlova må moderniserast

Robert Ervik frå Ervik Group delte erfaringar frå fiskerinæringa, og utfordringa med Deltakarlova.

– Me ønskjer ikkje å fjerne lova, men ho må moderniserast. I dag risikerer familieeigde selskap å falle utanfor etter arveoppgjer og miste retten til å drive, sa Ervik.

Ervik Group har 14 båtar, 30 tilsette på Stad, og eig mellom anna Westmek, Stad Hotell og Blackrock Gym.

– Viss me mister fiskerigodkjenninga, forsvinn alt rundt – arbeidsplassar, aktivitet og investeringar i lokalsamfunnet. Intensjonen med lova er at ein skal drive slik som me faktisk gjer, sa han.

Sterkt møte mellom næring og politikk

Besøket samla fleire av dei viktigaste stemmene frå næringslivet i Sogn og Fjordane og ga Stortingsbenken eit tydeleg bilde av utfordringar og moglegheiter i regionen.

– Me har mykje å vere stolte av i vest, men det krev at politikarane gir oss føreseielege rammer. Då kan næringslivet halde fram med å skape verdiar – både lokalt og nasjonalt, avslutta Lødemel.

Med på besøket var i tillegg styreleiar Kristin Bergstøl Hansen, nestleiar Jørgen Drage og Erlend Fardal Lunde frå næringsrådet, Line Bjelde frå Sogn Næring og Arve Tokvam frå Norways Best.

Frukostmøte i Florø 10. desember

Sogn og Fjordane Næringsråd inviterer i samarbeid med FIN Flora Industri- og Næringsforening til frukostmøte med fokus på Verdspolitikken sin påverknad på lokalt næringsliv.

Gjennom 2025 har Sogn og Fjordane Næringsråd gjennomført fleire arrangement med dagsaktuell tematikk. Det er difor veldig gledeleg at me no kjem til Florø og Slakteriet, heimebana til vår nye styreleiar Kristin Bergstøl Hansen.

Ketil Solvik-Olsen har vore med oss på møter i Førde og Sogndal tidlegare i år og saman med ei økonomisk temperaturmåling frå bankane våre ligg alt til rette for ein spanande start på dagen onsdag 10.desember.

Program

Stad: Slakteriet, Hamregata 1, Florø


07.30 Frukost

08.00 Innleiing

  • Sogn og Fjordane Næringsråd ved Bjørn Lødemel; korleis me jobbar og kva saker er på agenda?
  • FIN

08.15 «Trump 2.0 – er det ein raud tråd i kaoset?»

Ketil Solvik-Olsen

Donald Trump har dominert mediebildet over lengre tid. Høgt tempo og mange utspel skaper entusiasme blant tilhengarane, mens frykt og uvisse pregar motstandarane. Han drøymer om Nobels Fredspris, men antydar samtidig at han ønsker å annektera naboland og leflar med personar som i vestlege auge assosierast med ufred. Han lovar å gjera amerikansk økonomi sterkare ennnokon gong, men ofte skjelv børsane når dei ser verkemidla.

Finst det ein raud tråd i det tilsynelatande kaoset? Vil Trump lukkast med å gjera America Great Again? Ketil Solvik-Olsen vil dela av sine erfaringar frå politikk og USA så me kan forstå litt meir av det som nå utspeler seg hos vår store nabo i vest.

09.15 Kaffipause og mingling

09.30 «Vi og verda – konsekvensar for lokalt næringsliv»

Roy Stian Farsund, direktør bedriftsmarknad Sparebank 1 Sogn og Fjordane

09.45 «Makrobildet i ei uroleg verd»

Per-Hermund Høgheim, Sparebanken Norge Markets

10.00 Avslutning


Det er begrensa tal plassar!

Påmelding i skjema under

Medan vi ventar på forslaget til statsbudsjett frå Regjeringa

Det er alltid stor spenning til det som kjem i forslaget til statsbudsjett frå regjeringa. For Sogn og Fjordane Næringsråd er det særleg E39 Storehaugen-Førde og Stad skipstunnel det knyter seg mest spenning til denne gongen.

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS