Stortingsfleirtalet vil stanse omkampen om Hafstadfjelltunnelen

Seks parti på Stortinget går saman mot ein ny planprosess for E39 Storehaugen–Førde. For Sogn og Fjordane Næringsråd er dette ein viktig delsiger etter målretta arbeid saman med kommunen, arbeidslivet og andre regionale aktørar.

MDG, Venstre, Høgre, Frp, Senterpartiet og KrF melder at dei vil stoppe regjeringa sitt forslag om å sende Hafstadfjelltunnelen ut i ein ny planprosess. Det kjem fram i ei felles melding frå opposisjonspartia, omtalt i Firda.

Statens vegvesen ønskjer ein ny reguleringsplan for å redusere kostnadene i prosjektet. Dei seks partia meiner det er tid for å kome vidare, og støttar opp om den lokalt vedtekne planen.

SFN har arbeidd for å unngå ein ny omkamp

E39 Storehaugen–Førde, med tunnel gjennom Hafstadfjellet, har vore ei prioritert samferdslesak for SFN over tid. Næringsrådet har arbeidd for at prosjektet skal vidareførast etter gjeldande plan, og åtvara mot at ein ny planprosess kan føre til forseinkingar og svekkje prosjektet si nasjonale prioritering.

I juni sende SFN brev til samferdsleministeren med krav om å stanse arbeidet med ny reguleringsplan og prioritere bompengeproposisjonen og den eksterne kvalitetssikringa, KS2.

24. august følgde SFN opp med ein fellesuttale saman med NHO Vestland og LO Vestland. Uttalen gjekk til samferdsleministeren, med kopi til transport- og kommunikasjonskomiteen, stortingsbenken frå Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune. Kravet vart òg følgt opp inn mot transportkomiteen sitt møte i Bergen dagen etter.

Dagleg leiar Bjørn Lødemel framhevar at SFN har stått i fremste linje saman med Jenny Følling og andre aktørar. Han vurderer utviklinga som ein svært viktig delsiger for prosjektet.

Breitt politisk støtte til å kome vidare

I meldinga legg partia vekt på at lokalpolitikarane har vore samstemte, og at den vedtekne planen må få gjelde. Høgre viser til at Hafstadfjelltunnelen ligg inne i første periode av Nasjonal transportplan. Senterpartiet understrekar behovet for rask oppstart, medan Venstre trekkjer fram den krevjande trafikksituasjonen på dagens veg.

For SFN er det vesentlege at det langsiktige arbeidet no møter brei politisk støtte på Stortinget. Næringslivet treng tryggare transport, betre framkomst og føreseieleg framdrift i viktige samferdsleprosjekt.

Frå politisk gjennomslag til gjennomføring

Den felles meldinga frå dei seks partia er eit viktig politisk gjennombrot. Neste steg er å følgje opp at standpunktet blir omsett i avklaringar og framdrift for prosjektet.

SFN vil halde fram arbeidet for å få på plass bompengeproposisjon, kvalitetssikring og finansiering som legg grunnlaget for byggjestart. Erfaringane frå saka blir òg tekne med i arbeidet med neste rullering av Nasjonal transportplan.

Les saka i Firda: Stortinget stansar tunnel-omkampen.

Les òg den tidlegare saka om SFN sitt krav om å stoppe ny reguleringsplan.

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS