Seier nei til verneplan – ber om heilskapleg tiltaksplan for Sognefjorden

Sogn og Fjordane Næringsråd ber Statsforvaltaren stanse arbeidet med den føreslegne marine verneplanen for Sognefjorden. Me ønskjer i staden ein heilskapleg tiltaksplan som tek vare på naturverdiane og sikrar rom for busetjing, arbeidsplassar og næringsutvikling langs fjorden.

Ein frisk fjord er viktig for både innbyggjarane og næringslivet. I høyringsuttalen støttar næringsrådet målretta tiltak for å ta vare på naturverdiane i Sognefjorden, men meiner eit omfattande områdevern er feil verkemiddel.

Me er uroa for at verneplanen vil avgrense utviklinga av eksisterande verksemder og gjere det vanskelegare å etablere ny aktivitet. Uklare grenser mellom vern og bruk, meir sakshandsaming og større uvisse kan få konsekvensar for investeringar og arbeidsplassar.

Må vurdere dei samla konsekvensane

Næringsrådet etterlyser eit betre kunnskapsgrunnlag om kva verneforslaget vil bety for samfunna langs fjorden. Me ber om ei supplerande samfunns- og næringsanalyse som omfattar verdiskaping, arbeidsplassar, busetjing, samfunnstryggleik og framtidig utviklingsrom.

Analysen må særleg vurdere konsekvensane for akvakultur, industri, energiinfrastruktur, fylkesvegar, ferjesamband, hamner og annan fjordbasert verksemd. Beredskapen i dag og i framtida må òg gjennomgåast.

Det er ikkje tilstrekkeleg å vurdere kvar sektor isolert. Me må få fram korleis fleire restriksjonar over tid verkar saman, og kva dette betyr for både dagens næringsliv og framtidige næringar.

Ønskjer målretta tiltak og lokal medverknad

SFN meiner eksisterande lovverk og forvaltning gir grunnlag for å stille konkrete miljøkrav og regulere aktivitet. Innsatsen bør rettast mot betre samordning og målretta tiltak.

I uttalen ber me om ein heilskapleg tiltaksplan etter modell frå Oslofjorden. Målet må vere å betre miljøtilstanden, ta vare på biologisk mangfald og viktige naturverdiar, og sikre berekraftig bruk av fjorden. Kommunane og fylkeskommunen må ha ei sentral rolle i forvaltninga.

Næringsrådet støttar vedtaket i fylkesutvalet 21. oktober 2026, som rår frå det føreslegne marine vernet og tilrår ein heilskapleg tiltaksplan.

Sognefjorden er både naturgrunnlag, arbeidsplass og livsgrunnlag. Forvaltninga må ta vare på fjorden og gi lokalsamfunna høve til å utvikle seg.

Les heile høyringsuttalen frå Sogn og Fjordane Næringsråd (PDF)

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS