Eit viktig talerør

for næringslivet i Sogn og Fjordane med sterke alliansar i Vestland

Sogn og Fjordane Næringsråd er ein næringspolitisk organisasjon med gjennomslagskraft. Etablert i 2016 for å gje næringslivet i Sogn og Fjordane ei tydelig stemme inn mot Stortinget, regjeringa, fylkeskommunen og andre offentlige etatar.

Næringsalliansen Vestland. Fotograf: Jon Hunnålvatn Tøn.

Sogn og Fjordane Næringsråd skal vere ein viktig pådrivar for framtidsretta strategisk utviklingsarbeid i Sogn og Fjordane.

Med rundt 120 medlemar frå ulike bedrifter og organisasjonar, jobbar SFN for å fremme lokale næringsinteresser. Initiativet kom frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest, som saman med medlemskontingent bidreg til finansieringa av rådet.

SFN er ein partipolitisk nøytral organisasjon, oppretta med mål om å gi næringslivet i Sogn og Fjordane eit sterkt talerøyr, på linje med Bergen Næringsråd. I ei tid der mange organisasjonar har blitt samla under Vestland, er det viktig å ha ein dedikert næringspolitisk organisasjon som arbeider for Sogn og Fjordane sine interesser.

Sidan 1. desember 2018 har Bjørn Lødemel vore dagleg leiar i SFN, og han jobbar for å sikre eit felles talerøyr inn mot sentrale styresmakter i viktige saker for næringslivet i regionen.

Bilde frå NTP handsaminga 2024 med Sogn og Fjordane Næringsråd saman med Lo, NHO, Bergen Næringsråd, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.

Vi skal saman utvikle ein sterk, kompetent og samlande næringspolitisk organisasjon som har stor politisk gjennomslagskraft og sterke alliansar.

Om dagleg leiar

Bjørn Lødemel er dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd (SFN), ei rolle han har hatt sidan 1. desember 2018. Lødemel har lang fartstid med politisk arbeid. Først som ordførar i Hornindal frå 1995 til 2009 og seinare som Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane frå 2009 til 2017. Med brei erfaring innan næringspolitikk og leiing, arbeider han for å sikre at næringslivet i Sogn og Fjordane har ei tydelig stemme mot sentrale styresmakter. Lødemel er kjend for sitt engasjement for lokale interesser og si evne til å bygge nettverk og samarbeid som styrkar regionen sitt næringsliv.

Eit viktig talerør

for næringslivet i Sogn og Fjordane med sterke alliansar i Vestland

Sogn og Fjordane Næringsråd er ein næringspolitisk organisasjon med gjennomslagskraft. Etablert i 2016 for å gje næringslivet i Sogn og Fjordane ei tydelig stemme inn mot Stortinget, regjeringa, fylkeskommunen og andre offentlige etatar.

Styret i SFN frå mai 2024. Frå venstre: Kristin Berg Hansen, Jon-Rune Heimlid, Tore Bråstad, Hildegunn Fure Osmundsvåg, Martine Fosse Sveian, nestleiar Jørgen Drage, leiar Yngve Hallèn og dagleg leiar Bjørn Lødemel.

Sogn og Fjordane Næringsråd skal vere ein viktig pådrivar for framtidsretta strategisk utviklingsarbeid i Sogn og Fjordane.

Med rundt 120 medlemar frå ulike bedrifter og organisasjonar, jobbar SFN for å fremme lokale næringsinteresser. Initiativet kom frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest, som saman med medlemskontingent bidreg til finansieringa av rådet.

SFN er ein partipolitisk nøytral organisasjon, oppretta med mål om å gi næringslivet i Sogn og Fjordane eit sterkt talerøyr, på linje med Bergen Næringsråd. I ei tid der mange organisasjonar har blitt samla under Vestland, er det viktig å ha ein dedikert næringspolitisk organisasjon som arbeider for Sogn og Fjordane sine interesser.

Sidan 1. desember 2018 har Bjørn Lødemel vore dagleg leiar i SFN, og han jobbar for å sikre eit felles talerøyr inn mot sentrale styresmakter i viktige saker for næringslivet i regionen.

Bilde frå NTP handsaminga 2024 med Sogn og Fjordane Næringsråd saman med Lo, NHO, Bergen Næringsråd, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.

Vi skal saman utvikle ein sterk, kompetent og samlande næringspolitisk organisasjon som har stor politisk gjennomslagskraft og sterke alliansar.

Om dagleg leiar

Bjørn Lødemel er dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd (SFN), ei rolle han har hatt sidan 1. desember 2018. Lødemel har lang fartstid med politisk arbeid. Først som ordførar i Hornindal frå 1995 til 2009 og seinare som Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane frå 2009 til 2017. Med brei erfaring innan næringspolitikk og leiing, arbeider han for å sikre at næringslivet i Sogn og Fjordane har ei tydelig stemme mot sentrale styresmakter. Lødemel er kjend for sitt engasjement for lokale interesser og si evne til å bygge nettverk og samarbeid som styrkar regionen sitt næringsliv.

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS