No kjem «Rikets tilstand» for Sogn og Fjordane
Ny ringverknadsanalyse skal gi Sogn og Fjordane eit felles kunnskapsgrunnlag. – Målet er konkrete veksttiltak for regionen, seier direktør for bedriftsmarknad i Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund.
Ei ny nærings- og ringverknadsanalyse for Sogn og Fjordane skal gi eit oppdatert bilde av utviklinga i regionen – og danne eit felles grunnlag for prioriteringar, samarbeid og framtidige satsingar.
Analysa skal heite «Ringar i vatn – vekstkompass for Sogn og Fjordane». Prosjektet er sett i gang av SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Næringsråd, medan konsulentselskapet Tell har fått oppdraget med å gjennomføre analysen.
- Vi ønskjer å bidra til eit felles og grundig kunnskapsgrunnlag som kan peike ut retning for heile Sogn og Fjordane. Vi ser eit stort behov for ei felles innsikt og eit samla kompetansegrunnlag som kan samle kommunar, næringsliv og utviklingsmiljø om dei store valga framover,seier Roy Stian Farsund, som er direktør for bedriftsmarknad i Sogn og Fjordane.
Målet er at analysen skal vere eit praktisk verktøy som kan oppdaterast jamleg – og som gir større verdi enn ein tradisjonell rapport.
- Basert på funn frå analysen skal det utarbeidast ein tiltaksplan med klare anbefalingar for kva regionen bør satse på – og korleis ein best kan leggje til rette for framtidige investeringar, fortel han.
Gir regionen eit felles utgangspunkt
Analysen tar for seg korleis regionen blir påverka av store endringar dei siste åra, som til dømes energisituasjonen, demografiutfordringar og nye geopolitiske forhold. I tillegg skal den sjå på korleis kommunar, tettstader og næringar spelar saman som ein felles bu- og arbeidsmarknad.
– Sogn og Fjordane treng ei samla forståing av styrkar, flaskehalsar og dei store moglegheitene som ligg framfor oss. Denne analysen er eit viktig grep for å skape felles retning – og for å styrke samarbeidet på tvers av heile regionen,seier Bjørn Lødemel, leiar for Sogn og Fjordane Næringsråd.
Samfunnsnytta i førarsetet
Første del av rapporten vil bli presentert som ein «Rikets tilstand» under Heilekonferansen i august.
Deretter skal det lagast tre delrapportar frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det ferdige kunnskapsgrunnlaget skal klart i desember 2026, og vere ope tilgjengeleg for alle.
- Dette skal vere eit kunnskapsgrunnlag alle kan bruke, både dei lokale næringsorganisasjonane, bedriftene og politikarar.
Prosjektet er no i gong, med ei styringsgruppe, samt prosjektgrupper for Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Arbeidet med å intervjue næringslivet over heile regionen er no i gong. I tillegg skal det sendast ut ei kvantitativ undersøking til rundt 200 respondentar.
- Vi er svært tekksame for at vi har så mange dyktige næringslivsfolk og næringsorganisasjonar med oss i dette arbeidet, og ser fram til å få resultatet, fortel direktør for bedriftsmarknad i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund.




