Næringspolitisk debatt i Florø 26. august
Framtida for næringslivet på kysten, næringspolitisk debatt i Florø 26. august.
Det nærmar seg val, og viktige spørsmål om kystsamfunna vår skal få svar.
Korleis skal vi utvikle kysten vidare? Kva rammevilkår treng næringslivet?
26. august kl. 18.00 inviterer Sogn og Fjordane Næringsråd, Aksello og FIN til ein næringspolitisk debatt i Kinosalen på Samfunnshuset i Florø. Her møtast førstekandidatar frå AP, SP, H, V, FrP KrF, SV, Raudt og MDG ein open og aktuell diskusjon om framtida for næringslivet langs kysten.
Debatten blir leia av Dag Frøyen og vil ha særleg fokus på dei næringspolitiske spørsmåla som betyr mest for bedrifter og lokalsamfunn i vår del av landet.
Arrangementet er ope for alle – men spesielt retta mot aktørar innan næringslivet, offentleg sektor, lokalpolitikken og andre som bryr seg om utviklinga på kysten.
Tema som set kursen for framtida
Debatten vil ta opp fleire av dei mest sentrale spørsmåla for regionen. Korleis vil dei ulike politiske partia løyse utfordingane med kraftsituasjonen og planane for vidareutvikling på Grov, arealtilgang for næringslivet og raskare sakshandsaming. Korleis vil dei følgje opp det breie fleirtalet på Stortinget om havbruksmeldinga. Kva vil skje med Co2 avgifta for fiskeri etter valet?
På Arendalsveka vart det kjent at Stad skipstunnel blir dyrare enn det som Stortinget har sett som ramme for bygginga. Det betyr at saka må tilbake til Stortinget når endeleg kostnader i anbodet er klart. Kva tenkje kandidatane og partia om dette, og vil ein framleis gå for bygging?
På Arendalsveka vart det også lagt fram ein grundig rapport frå Initiativ Vest om at Vestlandet har blitt systematisk lurt etter at lovnadane om ferjefri E39 i Vest vart sett i samanheng med Intercity i aust i 2013. Dette gjeld også for andre investeringar som til dømes Stad skipstunnel og er ei generell utfordring i dei fleste parti. Er du og ditt parti einige i at Vestlandet har blitt lurt, og kva vil ein gjere for å rette opp dette?
Kva tenkjer partia om skattepolitikken som norske eigarar møter og dei kraftige åtvaringane som kjem frå eit samla næringsliv om konsekvensane av auka formuesskatt og skatt på arbeidande kapital?
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, Bjørn Lødemel, er glad for at så mange av 1. kandidatane har moglegheit til å stille før valet. Det går mot eit svært spennande val, og både næringslivet og veljarane treng å få klare svar på kva politikk våre kandidatar og ikkje minst dei nasjonale partia vil føre dei komande 4 åra.
Med dei utfordringane og moglegheitene næringslivet i regionen står ovanfor, treng vi ein tydeleg politisk kurs for kystsamfunna våre, seier Linn Nekkøy, Dagleg leiar i Aksello
Det er viktig at næringsliv og veljarar får eit innblikk i dei ulike politiske partia si retning for regionen.
Leiar i FIN, Tor Førde, peikar på at næringslivet i Florø går historisk godt:
– For at det skal halde fram, treng næringslivet levelege vilkår i form av god infrastruktur. Vi kan ikkje utvikle oss vidare utan meir tilgjengeleg kraft og moglegheit til å vidareutvikle industriareal. Vi har ingen garanti for å behalde dagens aktivitet og sikre arbeidsplassar i Florø utan dette, seier Førde.
Eit breitt politisk spekter
På scenen møtast sju førstekandidatar som representerer eit vidt spekter av politiske retningar.
Erling Sande frå Senterpartiet er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og leiar av Næringskomiteen. Han har særleg fokus på distriktspolitikk, transport, energi og næringsliv.
Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, og er oppteken av skulepolitikk, næringsutvikling og arbeidsliv.
Olve Grotle frå Høgre er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og medlem av Næringskomiteen. Han er fiskeripolitisk talsmann i Høgre si stortingsgruppe, og har arbeidsliv, samferdsle samt fiskeri og havbruk som sine hovudområde.
Alfred Bjørlo frå Venstre er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og medlem av Næringskomiteen, med eit tydeleg engasjement for grønt næringsliv, distriktspolitikk, innovasjon og småbedrifter.
Stig Even Lillestøl frå Framstegspartiet er førstekandidat for Sogn og Fjordane og prioriterer skatt og avgifter, havbruk, samferdsle og energi.
Jonathan Hurthi frå Kristeleg Folkeparti er førstekandidat for Sogn og Fjordane, og har distrikt og landbruk, familiepolitikk og rettferdig fordeling som sine hovudsaker.
Hege Lothe frå Sosialistisk Venstreparti er førstekandidat for Sogn og Fjordane, og brenn for rettferd, distriktspolitikk, velferd og vern av natur.
Rita Tonning frå Raudt er førstekandidat for Raudt i Sogn og Fjordane. Viktige saker om ho kjem på Stortinget; Distriktspolitikk, ta vare på naturen, behalde vannkrafta til kraftkrevjande industri og ikkje sende den ut på sokkelen. Natur og kultur.
Marius Langballe Dalin frå MDG er førstekandidat for MDG i Sogn og Fjordane. Marius er sentrumsorientert politisk med engasjement for naturvern, global solidaritet, klima og biomangfald.