Klar for hausten etter eit aktivt første halvår
Sogn og Fjordane Næringsråd legg bak seg første del av 2025 og kan sjå tilbake på eit høgt aktivitetsnivå. Me ser no fram mot siste del av valkampen og gjer oss klar for ein innhaldsrik haust!
På generalforsamlinga i Førde i mai vart Kristin Bergstøl Hansen frå Florø vald til ny leiar etter Yngve Hallèn
Bilde frå ulike bedriftsbesøk










Sidan november 2024 har me hatt sterkt fokus på å gjennomføre bedriftsbesøk hjå eksisterande medlemar og potensielle nye medlemar. Eit høgt aktivitetsnivå har gitt resultat og før sommaren var medlemsveksten på 18 nye verksemdder. Me har plass til mange fleire og køyrer difor snart i gong ein vervekampanje.
Medlemsmøter i Førde og Sogndal









I samarbeid med Sunnfjord Utvikling og Peak Sunnfjord, Sogn Næring og Campus Sogndal, har me arrangert to opne medlemsmøte med høg kvalitet. Ketil Solvik Olsen heldt innlegg om den geopolitiske situasjonen med eit ekstra blikk på Trump 2.0. Per Hermund Høgheim frå Sparebanken Norge Markets og Roy Stian Farsund frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane ga oss bankane sitt perspektiv.
Generalforsamlinga













Årets genralforsamling, for anledninga på Scandic Sunnfjord Hotel, ga oss eit fagleg innhald me sjeldan kan by på. Frå dei store geopolitske spørsmåla til den lokale næringspolitiske kvardagen. På talarlista stod mellom anna Erna Solberg, Tom Røseth, Remy Bilsback, Roger Sevrin Bruland, Hilmar Mjelde, Elisabeth Holvik og Helene Frihammer.
Med eit oppmøte på over 80 personar er me kjempenøgde med både dagane i Førde og resultatet av samlinga.
Småkraftforum











Saman med Småkraftforeninga og Småkraft AS arrangerte me tradisjon tru Småkratforum på Hotel Alexandra i august. Me hadde også her med oss Tom Røseth på programmet i tillegg til fag frå Småkraftnæringa og det som byrjar bli vår faste programleiarduo i Arne Sæterbakken og Erlend Fardal Lunde