Frukostmøte i Florø 10. desember
Sogn og Fjordane Næringsråd inviterer i samarbeid med FIN Flora Industri- og Næringsforening til frukostmøte med fokus på Verdspolitikken sin påverknad på lokalt næringsliv.
Gjennom 2025 har Sogn og Fjordane Næringsråd gjennomført fleire arrangement med dagsaktuell tematikk. Det er difor veldig gledeleg at me no kjem til Florø og Slakteriet, heimebana til vår nye styreleiar Kristin Bergstøl Hansen.
Ketil Solvik-Olsen har vore med oss på møter i Førde og Sogndal tidlegare i år og saman med ei økonomisk temperaturmåling frå bankane våre ligg alt til rette for ein spanande start på dagen onsdag 10.desember.
Program
Stad: Slakteriet, Hamregata 1, Florø
07.30 Frukost
08.00 Innleiing
- Sogn og Fjordane Næringsråd ved Bjørn Lødemel; korleis me jobbar og kva saker er på agenda?
- FIN
08.15 «Trump 2.0 – er det ein raud tråd i kaoset?»
Ketil Solvik-Olsen
Donald Trump har dominert mediebildet over lengre tid. Høgt tempo og mange utspel skaper entusiasme blant tilhengarane, mens frykt og uvisse pregar motstandarane. Han drøymer om Nobels Fredspris, men antydar samtidig at han ønsker å annektera naboland og leflar med personar som i vestlege auge assosierast med ufred. Han lovar å gjera amerikansk økonomi sterkare ennnokon gong, men ofte skjelv børsane når dei ser verkemidla.
Finst det ein raud tråd i det tilsynelatande kaoset? Vil Trump lukkast med å gjera America Great Again? Ketil Solvik-Olsen vil dela av sine erfaringar frå politikk og USA så me kan forstå litt meir av det som nå utspeler seg hos vår store nabo i vest.
09.15 Kaffipause og mingling
09.30 «Vi og verda – konsekvensar for lokalt næringsliv»
Roy Stian Farsund, direktør bedriftsmarknad Sparebank 1 Sogn og Fjordane
09.45 «Makrobildet i ei uroleg verd»
Per-Hermund Høgheim, Sparebanken Norge Markets
10.00 Avslutning
Det er begrensa tal plassar!
Påmelding i skjema under




