Stad Skipstunnel -Høyringsuttale til Prop 1S (2025–2026) NFD
Ei brei allianse samansett av kommunane i Nordfjord og Sunnmøre, Kystrederiene, Maritimt Forum, Næringsforeininga i Ålesund og Sogn og Fjordane Næringsråd er svært glade for at eit fleirtal på Stortinget har vedteke:

«Stortinget ber regjeringa sikre at Kystverket held fram og fullfører dei pågåande forhandlingane med dei utvalde entreprenørane i arbeidet med Stad skipstunnel, for å få fram ein endeleg pris, samt jobbe fram kostnadsreduserande tiltak.»
Over 500 bedrifter med fleire tusen tilsette langs kysten har signert eit opprop for å sikre framdrift i arbeidet med Stad skipstunnel. Dette viser kor breitt forankra prosjektet er, og kor viktig det er å sikre ei rettferdig behandling av samferdselsprosjekt – uavhengig av geografi.
Dette vedtaket er heilt nødvendig. For første gong på fleire år får vi høve til å fatte avgjerdsle basert på reelle kostnader og fakta – ikkje spekulasjonar og politisk synsing. Når regjeringa valde å stanse eit gryteklart prosjekt utan å hente inn endelege tal, skapte det uro i næringslivet og kystsamfunna.
Saka skal ikkje avgjerast no, men det er avgjerande at prosessen får gå sin gang. Stortinget har bede regjeringa om å la Kystverket fullføre forhandlingane og få fram endelege kostnader – det er rett steg før ei politisk avgjerd kan takast. Vi meiner dette arbeidet må gjennomførast, slik at Stortinget får eit oppdatert og påliteleg grunnlag for vidare behandling av saka i samband med revidert statsbudsjett. I mellomtida, medan denne prosessen går sin gang, meiner vi at det er fleire viktige oppfølgingspunkt som Næringskomiteen må vere merksam på. Desse handlar om likebehandling av prosjekt, berekning av samfunnsnytte, klimaeffektar og beredskap – det blir nærare omtala i dette dokumentet.
Verdiskaping – ny næringsutvikling og auka verdiskaping
Stad skipstunnel er ikkje eit symbolprosjekt – det er norsk verdiskaping i praksis.
Vertskommunane har lagt ned ein formidabel innsats for å sikre lokal gevinst og berekraftig utvikling. Det er gjennomført eit omfattande planarbeid med 18 vedtekne reguleringsplanar, inkludert ein arealplan for sjøområde, som bidreg til gjenbruk av tunnelmassar til nye næringsområde. Dette arbeidet er finansiert og drive fram i tett samarbeid mellom kommunane og næringslivet, og gir potensial for mellom 360 og 860 nye arbeidsplassar berre i vertskommunane.
Prosjektet vil i tillegg utløyse investeringar innan logistikk, maritim teknologi, fiskeri, havbruk og reiseliv, og styrkje ei kystnæring som allereie er blant dei største bidragsytarane til statskassa.
«Kysten leverer – men vert ikkje prioritert». Det er på høg tid at infrastrukturpolitikken speglar den verdiskapinga som faktisk skjer på Vestlandet, slik at vi kan halde oppe takta og sikre ei berekraftig utvikling der verdiane blir skapte.
Klima og miljøperspektiv
Stadhavet er i forvaltningsplanen for norske havområde definert som eit særleg verdifullt og sårbart område. Stad skipstunnel er ikkje berre eit samferdselsprosjekt, men eit konkret klimatiltak som leverer på alle dei politiske partia sine eigne mål om å flytte gods frå veg til sjø.
Nye berekningar frå Statens vegvesen og Kystrederiene viser at sjøtransport slepp ut berre halvparten så mykje CO₂ som tidlegare antatt – og langt mindre enn lastebiltransport. Med tryggare og meir føreseieleg seilas gjennom tunnelen vil endå meir gods velje sjøen framfor vegen, noko som gir store klima- og miljøgevinstar.
I dag er Stadhavet til hinder for ferdsel mellom 60 og 100 dagar i året. Når fartøy må vente på betre vêr, aukar både drivstofforbruk, tidsbruk og kostnader. Ved å føre skip trygt innaskjærs gjennom tunnelen kan mindre fartøy redusere drivstofforbruket med 30–60 % samanlikna med å krysse ope hav. Det gir klimakutt, lågare kostnader og eit meir effektivt transportløp.
Tunnelen vil ikkje berre redusere klimagassutsleppa, men òg energiforbruket. I framtidas lågutsleppssamfunn vil lågare energibruk styrkje konkurransekrafta til skipstrafikken forbi Stad – for fiskeflåten, kysttransporten og passasjertrafikken. Samstundes blir risikoen for havari og oljesøl kraftig redusert i eit av dei mest vêrutsette havstrekka langs norskekysten.
Prosjektet vil gjere det mogleg å sende meir fisk sjøvegen frå Ålesund – Noregs største fiskeeksporthamn – i staden for landevegen, og legg grunnlaget for framtidige nullutslepps hurtigbåtruter sørover mot Bergen. Overskotsmassane frå tunnelarbeidet vil bli nytta lokalt til å utvikle nye næringsområde i staden for å bli dumpa i Moldefjorden, noko som bidreg til berekraftig ressursbruk og lokal verdiskaping.
Stad skipstunnel handlar om handling bak orda – eit konkret klimatiltak som kan målast i reduserte utslepp, tryggare transport og berekraftig vekst. Når ein talar varmt om grøn omstilling, men samstundes stansar det einaste prosjektet som faktisk reduserer transportutsleppa i praksis, står vi igjen med fine ord – utan handling.
Forsvarsevne og beredskap
I ei tid med krig i Europa og aukande stormaktsrivalisering er det uforsvarleg å oversjå den strategiske verdien av Stad skipstunnel. Tunnelen vil sikre operativ forsyning for Forsvaret og allierte styrkar, og halde sjøvegane opne sjølv under ekstremvêr.
Tunnelen vil styrkje totalforsvaret og den nasjonale motstandskrafta, men òg vere avgjerande for forsyningstryggleik for befolkninga og næringslivet. Når 90 % av norsk utanrikshandel går sjøvegen, er det avgjerande at denne transportåra fungerer – også når vêret står på som verst.
Å investere i Stad skipstunnel er å investere i tryggleik for landet og forsyningstryggleik for folk flest, og prosjektet bør reknast som del av Noregs kritiske infrastruktur på linje med vegar, jernbane og fiber.
Samfunnsnytte – for kven?
Samfunnsnytta av Stad skipstunnel er både konkret og målbar: tryggare sjøtransport, reduserte utslepp, meir effektiv logistikk og nye arbeidsplassar langs kysten. Likevel blir prosjektet møtt med argument om låg samfunnsøkonomisk lønsemd – eit argument som ikkje står seg, fordi vurderingane blir gjorde etter ulike målestokkar frå sektor til sektor.
Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet bruker kvar sine modellar for å berekne nytteverdi. Vegprosjekt får høg utteljing for biltrafikk og tidsbesparing, medan sjøtransporten kjem dårlegare ut sjølv om tiltaka reduserer utslepp og aukar tryggleiken. Resultatet er at samfunnsnytta av maritime prosjekt systematisk blir undervurdert.
Dette blir ekstra tydeleg når ein samanliknar med jernbaneprosjekt på Austlandet, som blir prioriterte sjølv med negativ nytteverdi og kraftig kostnadsauke.
Frå rapporten «Ble Vestlandet lurt» (Initiativ Vest, 2024):
- Follobanen skulle koste 11,7 mrd. – prislappen vart 39,2 mrd.
 - Sandbukta–Moss–Såstad skulle koste 5,2 mrd. – no 26,2 mrd., med varsla nye overskridingar.
 - Råde–Fredrikstad var planlagt til 2,7 mrd. – no anslått til 23,4 mrd.
 
Desse prosjekta har hatt kostnadsauke på fleire hundre prosent utan at dei er blitt stoppa, trass i at dei har låg eller negativ samfunnsnytte. Til samanlikning er kostnadsauken for Stad skipstunnel innanfor normal prisstiging.
Stad skipstunnel er eit klimatiltak på linje med jernbane, som også flyttar transport frå veg til sjø. Det bør difor handsamast etter dei same prinsippa som klimavenlege prosjekt på land – og ikkje belastast med meirverdiavgift, slik jernbaneprosjekt heller ikkje blir.
Å bruke samfunnsnytte som stoppsignal for dette prosjektet er å måle eit kystprosjekt med feil målestokk.
Oppmodingar til Næringskomiteen
Stad skipstunnel er ikkje eit symbol – det er eit verkemiddel for tryggleik, klima og verdiskaping som fortener same politiske og økonomiske rammevilkår som dei klimavenlege prosjekta på land.
- Sikre likebehandling av prosjekt. Stad skipstunnel må handsamast på lik linje med andre store infrastrukturprosjekt når det gjeld kostnadsauke som følgje av generell prisstiging.
 - Legg større vekt på lokalt arbeid og kunnskap. Det ligg føre eit omfattande plan- og utgreiingsarbeid frå kommunane og næringslivet, delvis finansiert av næringslivet sjølv. Dette viser eit stort potensial for ny verdiskaping i regionen og på heile Nordvestlandet.
 - Erkjenn tunnelen som eit klimatiltak og ein trygg grøn riksveg nr. 1. Stad skipstunnel er eit konkret bidrag til utsleppsreduksjon og grøn transport. Forskning viser at det vil bli våtare, villare og meir uforutsigbart vêr langs kysten – noko som forsterkar behovet for ei trygg og føreseieleg sjølei.
 - Vurder prosjektet i lys av endra tryggleiksbilete. Krigen i Ukraina og aukande stormaktsrivalisering gjer trygge transportliner langs kysten kritisk viktige. Stad skipstunnel må vurderast som ein del av totalforsvaret og som ein sentral del av norsk beredskap og forsyningstryggleik.
 







Foto: Privat


Grøn region Vestlandsporteføljen


