Uttale Stad skipstunnel frå Næringsalliansen Vestland (13. oktober 2025)

Næringsalliansen Vestland ber om at Stortinget løyver naudsynte midlar til oppstart av Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2026.

Til

Partia på Stortinget
Stortingsbenken frå Hordaland
Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane
Stortingsbenken frå Møre og Romsdal

Næringsalliansen Vestland vart skipa i 2021 etter at Hordaland og Sogn og Fjordane vart til Vestland i 2020. (Hordaland frå 2008). Næringsalliansen består av 17 næringsråd i Vestland fylke: Austevoll, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Fikse (Etne og Vindafjord), Kvam, Kvinnherad, Nordhordland, Osterøy, Hardanger, Sogn og Fjordane, Stord, Tysnes, Vaksdal, Voss og Vest (Øygarden).

Næringsalliansen Vestland representerer meir enn 3000 verksemder og meir enn 150 000 arbeidsplassar.

Næringsalliansen Vestland er svært skuffa over at regjeringa føreslår å skrinlegge Stad skipstunnel. Regjeringa sviktar med dette ein heil landsdel og set ein dramatisk strek over eit svært omfattande planarbeid som har blitt gjennomført av Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Stad kommune, Kinn kommune og næringslivet i heile regionen gjennom mange år.

Dette er noko av det som statsminister Støre og regjeringa seier nei til:

Nytt næringsareal med tunnelmasse frå Stad skipstunnel i Kinn kommune med potensiale på 260–360 nye arbeidsplassar.

Nytt næringsareal med tunnelmasse frå Stad skipstunnel i Stad kommune med potensiale på 100–500 arbeidsplassar.

Totalt mellom 360 og 860 arbeidsplassar.

I tillegg til dette ligg det planar for svært store investeringar i reiselivet med nytt sentrumshotell i Måløy, nytt hotell på Seljesanden og på Vestkapp. Alt dette vil også gje store positive ringverknader til eksisterande næringsliv i heile regionen. Det vil også skape stor optimisme i næringslivet i eit område av landet som treng nettopp dette.


Ingen dramatikk i kostnadsutviklinga for Stad skipstunnel

Næringsalliansen Vestland aksepterer ikkje talgrunnlaget som statsminister Støre legg til grunn for å skrinlegge Stad skipstunnel. Ein aksepterer heller ikkje at dei positive ringverknadane av tunnelen ikkje blir lagt meir vekt på når ein skal ta ei så dramatisk avgjerd. Statsministeren viser til at kostnadane med Stad skipstunnel er 9,4 mrd. kroner. I denne summen er det både moms og eit garantibeløp på 1 mrd. kroner. Denne garantisummen er ikkje sikkert at det blir bruk for, og momsen får staten tilbake – i motsetning til jernbaneutbygging der det ikkje blir lagt på moms.

Næringsalliansen Vestland er også svært kritisk til at regjeringa aktivt har stoppa forhandlingane som Kystverket skulle ha med entreprenørane som har kome med tilbod på bygging av Stad skipstunnel. Dette er ikkje i tråd med det som regjeringa sjølv har svara til fleire stortingsrepresentantar før valet:

«Anbudsprosessen for prosjektet Stad skipstunnel er lagt opp som en anbudskonkurranse med forhandlinger.»

Regjeringa fører Stortinget bak lyset når den ikkje legg fram endelege kostnadstal før prosjektet blir føreslege skrinlagt.

Kostnadsauken med Stad skipstunnel er ikkje dramatisk, den er stort sett i samsvar med generell prisstigning for store samferdsleanlegg. Då Stortinget handsama Prop. 1 S (2023–2024) heiter det mellom anna:

Kostnadsrammen er lavere enn Kystverkets oppdaterte kostnads- og usikkerhetsanalyse som estimerer en forventet kostnad (P50) på 5 652 mill. kroner og en kostnadsramme (P85) på 7 132 mill. kroner, jf. omtale i Prop. 118 S (2022–2023).

Når ein ser på korleis mange jernbaneutbyggingar på Austlandet har hatt ein dramatisk kostnadsauke utan at det har blitt reagert eller stilt spørsmål, må ein spørje seg kvifor eit så viktig samferdsleprosjekt på Vestlandet blir skrinlagt – til og med utan at ein har fått fram den endelege kostnaden.

Dette er henta frå rapporten «Ble Vestlandet lurt» frå Initiativ Vest som kom i sommar:

  • Follobanen skulle koste 11,7 milliardar. Prislappen blei 39,2 mrd.
  • Sandbukta–Moss–Såstad skulle koste 5,2 milliardar. Prislappen er no 26,2 mrd. – men det er varsla nye kostnadssprekker.
  • Råde–Fredrikstad, som regjeringa vil bygge i neste periode, var tenkt til å koste 2,7 mrd. I transportplanen anslår regjeringa at det vil koste 23,4 mrd.

Næringsalliansen Vestland viser også til opprop frå Styringsgruppa for Stad skipstunnel som består av Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Stad, Kinn og Vanylven kommunar, LO, NHO, Næringsforeningen Ålesundregionen, Kystrederiene, Måløy Vekst og Stad Vekst.

Meir enn 520 bedrifter og personar har underteikna dette oppropet som er sendt til regjeringa og til Stortinget tidlegare.


Vi krev at Stad skipstunnel no blir realisert

Dette er eit av dei viktigaste samferdselsprosjekta for norsk kystnæring i moderne tid. Prosjektet vil:

  • sikre trygg og føreseieleg ferdsel året rundt på ei av dei mest vêrutsette strekningane i landet
  • erstatte ei dårleg og farleg skipslei, på same måte som vegutbetringar gjer. Dagens farlege skipslei medfører at mindre fartøy taper verdiskaping ved å måtte ligge til kai, medan større fartøy må gå lenger ut på havet
  • styrkje verdiskaping, eksport og konkurransekraft for norsk næringsliv
  • binde Vestlandet betre saman, skape nye bu- og arbeidsregionar og auke beredskapen langs kysten
  • redusere utslepp og gje store miljøgevinstar
  • opne for ny turisme og utvikling av kystsamfunna våre

Næringsalliansen Vestland støtter dette oppropet og ber om at Stortinget legg langt sterkare vekt på den verdiskapinga og næringsutviklinga som Stad skipstunnel vil gje på kysten av Vestlandet og i heile regionen.

Næringsalliansen Vestland ber om at Stortinget løyver midlar til oppstart i statsbudsjettet for 2026.


Beste helsing

Bjørn Lødemel

Næringsalliansen Vestland

📧 bjorn@sf-n.no 📞 917 77 488

Kopi:

Vestland fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stad kommune
Kinn kommune


Om Næringsalliansen Vestland:

Næringsalliansen Vestland blei stifta i 2008. Alliansen er eit nettverk samansett av 16 næringsforeiningar i Vestland. Saman representerer dei meir enn 3000 bedrifter og 150 000 arbeidsplassar og er ein viktig aktør når det gjeld næringsutvikling i heile fylket.

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS