Pressemelding: – Vestland fylke vidarefører alle prosjekter

Bergen, 26.mars 2020

Alle oppstarta og planlagte bygg- og vedlikehaldsprosjekt i regi av Vestland blir vidareført. Dette er ein av fleire positive konklusjonar etter eit møte mellom fylkeskommunen og næringsorganisasjonar i Vestland fylke.

Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd representerer meir enn 3000 verksemder og 130.000 arbeidsplassar i Vestland fylke. Den dramatiske situasjonen, særleg for små og mellomstore verksemder, var eit sentralt tema då organisasjonane i går møtte representantar for Vestland fylkeskommune. 

– Det er som å bli treft av to tsunamiar på éin gong. Korona-epidemien set næringslivet på store prøver, og den rekordlåge oljeprisen forsterkar det dystre biletet for heile leverandørindustrien, seier Marit Warncke på vegne av Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland. 

Næringsorganisasjonane ventar at den neste tiltakspakken frå regjeringa vert retta mot små og mellomstore verksemder med låge marginar og liten likviditet. 

– Men lokale og regionale styresmakter må óg medverke til at skadeverknadane vert avgrensa. Fylkeskommunen har ei viktig rolle som oppdragsgivar på bygg- og vedlikehaldsprosjekt. Vi er veldig glade for at Vestland fylke vidarefører desse, slik at arbeidsplassar kan vernast om.

I møtet vart ei rekkje konkrete framlegg drøfta, mellom annet desse:

  • Alle oppstarta og planlagte byggeprosjekt i regi av Vestland må vidareførast. 
  • Kommunikasjonstilbodet må ikkje reduserast meir enn i dag. Det er heilt avgjerande at ferjer og annan kollektivtrafikk effektivt sikrar arbeidsreiser og vareflyt.
  • Kommunale og fylkeskommunale restriksjonar på arbeids- og næringsreiser må opphevast. Ordningar for utsetjing av kommunale avgifter og skatt må koordinerast i heile fylket.

Fylkesvaraordførar Natalia Golis og leiaren i hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon, Tor André Ljosland, fekk óg høyre kor viktig Vestland si rolle er som koordinator av kommunane og som formidlar av næringslivet sine interesser i møte med sentrale styresmakter.

– Dialogen med næringslivet er av stor verdi for oss. Vi klarar ikkje å treffe tiltak til rett tid utan god og open dialog med næringslivet, seier Natalia Golis.

– Vi i Vestland fylke skal aktivt medverke til å minimere skadeverknadane, både på kort og lang sikt. Vi skal sikre at det blir skapt nye arbeidsplassar gjennom omstilling, grøn konkurransekraft og entreprenørskap, lovar fylkesvaraordføraren.

– Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland representerer det breie spekteret av næringslivet i Vestland. Difor er det positivt at vi kan ha møte med Vestland fylkeskommune. Det vert óg viktig å halde ein kontinuerleg dialog framover, seier Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Alle som deltok i møtet er samde om at det er heilt avgjerande for liv og helse og for næringslivet at smittesituasjonen kjem under kontroll. Dette er det aller viktigaste tiltaket akkurat no, og det vil medverke til at næringslivet i heile Noreg kjem på fote igjen.

Vi gir gjerne fleire kommentarar:

Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd 907 65 300

Bjørn Lødemel, dagleg leiar, Sogn og Fjordane Næringsråd 917 77 488

Natalia Golis, fylkesvaraordførar, Vestland fylkeskommune 908 70 491

PRESSEMELDING frå Sogn og Fjordane Næringsråd.

Svært dramatiske svar frå næringslivet i spørjeundersøkinga som Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd har sendt ut til bedriftene i Vestland fylke. Det er om lag 450 bedrifter som har svara på undersøkinga , og av desse er om lag 50 frå Sogn og Fjordane. Kvar 3 bedrift fryktar konkurs om situasjonen varer lenge.

Dei siste dagane har vore ei kraftig og skremmande blanding av sjokk, vantru, håp og tvil. I første omgang har det vore dei helsemessige konsekvensane av koronaviruset som har vore i fokus, men det tok ikkje lenge før dei dramatiske konsekvensane for næringslivet har velta innover oss. For bedriftseigarane, leiinga ved bedriftene og tilsette har alt blitt snudd opp ned. Det er ikkje meir enn ein månads tid sidan vi kunne presentere ei tilsvarande undersøking med stor optimisme og framtidstru.

No er det konsekvensane som følgje av koronaepidemien med inntektssvikt og permitteringar ein har fokus på. 76 % av bedriftene opplever reduserte inntekter og 9 av 10 bedrifter melder om kritiske konsekvensar allereie no eller dersom situasjonen varer over tid. 8 av 10 har gjennomført eller kjem til å gjennomføre permitteringar og kvar 5 svarar at dei står i fare for å gå konkurs om situasjonen held fram i lenger tid.

Sogn og Fjordane Næringsråd har brukt det kontaktnettet ein har for å bringe vidare dei enorme konsekvensane koronaepidemien har for næringslivet og våre medlemar i Sogn og Fjordane. Det skal vi også gjere med full styrke også framover. Denne og komande spørjeundersøkingar saman Bergen Næringsråd og Næringsalliansen vil vere med på få god oversikt over dei utfordringane vårt næringsliv og våre medlemar står overfor.

Opp i det heile er det svært gledeleg å sjå at Storting og regjering jobbar på spreng for å redusere både dei kortsiktige og langsiktige konsekvensane for næringslivet og det kjem nye og forbetra ordningar nesten frå dag til dag. Det er det er heilt nødvendig for i denne situasjonen treng vi ein aktiv stat. Det er også gledeleg å sjå at absolutt alle ønskjer å delta i den dugnaden som vil må til. Det er eit felles ansvar om vi skal kome gjennom dette både med minst mogeleg skade på liv og helse og at vi har eit næringsliv som overlever gjennom den vanskelegaste perioden landet vårt har stått overfor i fredstid.

Hornindal 19. mars 2020

Bjørn Lødemel
Dagleg leiar, Sogn og Fjordane Næringsråd

VEDLAGT UNDER: Undersøking av konsekvensane av koronavirus i næringslivet

Vellukka samling med Monica Mæland på besøk

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland inviterte alle næringsorganisasjonane og verkemiddelapparatet i Sogn og Fjordane og Hordaland til ei felles samling i Førde 4.-5. november.

Det var kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland som opna fellessamlinga, då ho og mange andre starta dagen på PEAK Sunnfjord der vi fekk ei spennande omvising og fekk møte mange av dei flotte bedriftene som er på PEAK.  

 

Saman inn i Vestland

Tema for samlinga var næringsutvikling og næringspolitikk i Vestland fylke og målsettinga med konferansen var å få god kjennskap til organisering og strategiske satsingsområde for den nye fylkeskommunen og til endringar som kjem som eit følgje av at eit nytt fylke. 

Vi hadde også ei god økt med nokre av dei nye fylkespolitikarane i Vestland fylkeskommune. Det var mellom anna innlegg ved fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis. Paneldebatt vart det også då Noralv Distad frå Vestland Høgre og Helge Stormoen frå Vestland FrP tala.

 

Ovanfor: Monica Mæland snakkar for lyttande publikum.


Eit løft for næringslivet

Ein av grunnane til at vi ønska å få til denne felleskonferansen, var å legge til rette for god dialog med næringsavdelinga i den nye fylkeskommunen. Eit mål var også å kunne kome med innspel og legge føringar om det næringspolitiske arbeidet frå 1.1.2020. I tillegg ønska vi også å knyte sterkare band mellom dei næringspolitiske organisasjonane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland er svært glade for at vi fekk til ei slik samling allereie før Vestland fylke er offisielt tredd i kraft. Vi er svært takksame for alle dei gode innlegga og diskusjonane som alle deltakarane bidrog aktivt til. Dette var også eit viktig startskot for eit sterkare samarbeid mellom Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland til beste for næringslivet i Vest.

Takk for no, heilt til neste gong.

Bjørn Lødemel
Dagleg leiar, Sogn og Fjordane Næringsråd

 

HER finn du program frå samlinga.

HER finn du presentasjonane frå foredraga.

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS