Ny dagleg leiar på plass

Bjørn Lødemel er tilsett som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd. 

– Eg er svært glad for at eg får høve til å arbeide for næringslivet i Sogn og Fjordane i ei så spennande stilling.

Lødemel har vore sjølvstendig næringsdrivande og har lang fartstid i politikken. Mellom anna som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre og stortingsrepresentant i åtte år. I tillegg har han vore ordførar i Hornindal frå 1995 til 2009.

– I mange år har eg reist rundt i fylket og sett kor kreativ, allsidig og offensivt næringsliv vi har, og eg ønskjer å bidra til vidare vekst og positiv utvikling, seier han. 

Klar politisk stemme
Som dagleg leiar vil han ha kontorstad i Førde, men vil bruke svært mykje av tida si på å besøkje næringsdrivande, bedrifter og næringslivsorganisasjonar i heile Sogn og Fjordane. Arbeidet med å bygge ein sterk og slagkraftig næringslivsorganisasjon som har stor politisk gjennomslagskraft vil vere ei prioritert oppgåve.

– Eg vil vere ei sterk og klar stemme frå næringslivet både ovanfor statlege styresmakter og politiske organ på alle nivå, seier ein engasjert påtroppande dagleg leiar.

God mann for jobben
Yngve Hallèn,  styreleiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, er godt fornøgd med den nytilsette.

– Det er kjekt å få med Bjørn Lødemel på laget. Han kjenner næringslivet på Vestlandet godt og vil vere ein godt ressurs for våre medlemmar. Hans nettverk og erfaring frå 22 år som ordførar og stortingsmann, hans evne i å bygge organisasjon og tenke utvikling vil komme godt med i næringsrådet. Det er eit samla styre som ønskjer han velkommen.

Lødemel begynner i stillinga 1. desember 2018.

Solid søkarliste

Leon Bakkebø har takka for seg i Sogn og Fjordane Næringsråd. Fleire vil ta over jobben hans.

Styret jobbar no med å få på plass ein ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, men det vil truleg ikkje bli nokon nye i sjefsstolen før etter nyttår.

Søknadsfristen på stillinga som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd gjekk i midten av september, og styret er godt fornøgd med søkarlista.
— Kandidatane som har meldt interesse for stillingane er svært gode. Vi har stor tru på at vi vil få på plass ein solid etterfølgjar som skal jobbe vidare med arbeidet Leon Bakkebø begynte på, seier Yngve Hallèn, styreleiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Mange å velje mellom 

Han kan røpe at dei har ei liste å rundt 15 kandidatar som dei har vurdert, og det er dei godt fornøgd med.
— Det handlar om kva kandidatar som vi meiner er reelle, og det har desse absolutt vore. Vi har faktisk fleire å velje mellom, seier styreleiaren.

I midten av oktober skal styre starte opp med intervjurundar og kvalitetssjekk på dei aktuelle kandidatane. Hallèn meiner det er vanskeleg å seie når den nye leiaren tek over, men han håpar det skjer så snart som mogleg.
— Det kjem an på kven som vert tilsett. Dei fleste har tre månadar i oppseiingstid, så det skjer mest truleg ikkje med det første. Om det skjer før nyttår er det svært gledeleg.

Drifta framover

Sogn og Fjordane Næringsråd har inngått eit samarbeid med Framtidsfylket AS om å ta hand om det administrative og sjølve kommunikasjonsdelen for næringsrådet fram til ny dagleg leiar er på plass. Dei vil handtere spørsmål og vise vidare til styret dersom det vert behov for det. I tillegg er styret operativt og tilgjengeleg for ytterlegare informasjon.

Tidlegare dagleg leiar Leon Bakkebø avslutta stillingsforholdet sitt før sommaren då familien bestemte seg for å flytte til Oslo.

 

 

 

 

Vi søkjer ny dagleg leiar

Sogn og Fjordane Næringsråd søkjer ein initiativrik, handlekraftig og samarbeidsorientert dagleg leiar.

Sogn og Fjordane Næringsråd er ei nyoppretta næringsforeining i 2017 som skal fremme næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst mulig verdiskaping. Foreininga er ein medlemsorganisasjon av bedrifter i Sogn og Fjordane, frå ulike bransjar og ulike geografiske område. Dagleg leiar rapporterer til styret i foreininga.

Du skal

  • Legge til rette for gode arenaer for nettverksbygging, kunnskapsdeling og samhandling som bidrar til best mulige vekstvilkår for næringslivet i fylket.
  • Ha god dialog ovanfor medlemsbedrifter og interessegrupper, sikre god økonomisk drift og ivareta foreininga sine interesser i vid forstand.
  • Engasjere deg sterkt for å fremje eit positivt omdømme av Sogn og Fjordane og få fram mangfaldet og krafta regionen representerer.
  • Leie og utvikle næringsrådet i tett samarbeid med styret. Dette omfattar ansvar for oppfølging og gjennomføring av vedtekne strategiar, planar og aktivitetar.
  • Få fram næringsrådet som eit felles talerøyr for næringslivet ovanfor sentrale vedtaksorgan.

Stillinga krev

  • Leiarerfaring og god kunnskap om og interesse for næringslivet i fylket.
  • Du bør vere samfunnsengasjert og utviklingsorientert.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Ønskeleg med relevant utdanning og erfaringsbakgrunn.
  • God kjennskap til viktige samfunnsinstitusjonar og sentrale politiske miljø er ein fordel.
  • Aktuelle kandidatar har høg integritet.

Sogn og Fjordane Næringsråd har kontoradresse Førde. Dagleg leiar må forvente omfattande reiseverksemd og vere nær på næringslivet over heile fylket.

 

Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med
Styreleiar Yngve Hallen, tlf: 90 11 60 05
Dagleg leiar Leon Bakkebø, tlf: 90 83 44 87

 

Søknad med CV sendast til leon@sf-n.no innan 14. september 2018.

 

Sogn og Fjordane Næringsråd ser etter ny dagleg leiar

Leon Bakkebø har vore dagleg leiar i næringsrådet sidan april 2017. Etter litt over eit år i rolla takkar han no for seg.

– Bakgrunnen for at eg avsluttar arbeidsforholdet er at familien på forsommaren bestemte oss for å flytte til Oslo. Då vart det naturleg å søkje etter nye jobbutfordringar der, seier Bakkebø.

Finansieringsdirektør i Innovasjon Norge

I oktober startar han i ei nyoppretta stilling som finansieringsdirektør i Innovasjon Norge. Der skal han ha hovudansvar for å vidareutvikle og digitalisere finansieringstenestane til selskapet.
– Dette er ein svært spennande og utfordrande jobb der eg får vere ein del av eit stort og kompetent miljø, samtidig som eg får jobbe med vidareutvikling av norsk næringsliv som kundegruppe, seier Bakkebø.

Trass spennande ny stilling, synest han også at det er vemodig å gje seg allereie no.
– Det er sjølvsagt trist å gje seg etter så kort tid i næringsrådet. Men eg er trygg på at dette arbeidet blir vidareført på ein god måte.

Godt motteke blant næringslivet
Hovudoppgåva til Sogn og Fjordane Næringsråd er å fremje næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst muleg verdiskapning. I tillegg skal næringsrådet inspirere bedriftene i fylket til meir samarbeid og kunnskapsdeling og vere eit felles talerøyr overfor sentrale sluttande organ.
– Sogn og Fjordane Næringsråd har blitt godt mottatt blant næringslivet i fylket. Rolla som næringsrådet skal fylle er viktig for at næringslivet i fylket skal framstå endå meir attraktivt og gjennom smart samhandling mobilisere betre for ein tøffare global konkurranse. Samhandling, kunnskapsdeling og nyskaping bør fortsatt vere sentrale føringar for arbeidet til næringsrådet.

Stor forståing for valet
Yngve Hallén er styreleiar i Sogn og Fjordane Næringsråd. Han synes det er leit at Bakkebø gir seg, men har stor forståing for valet han har teke.
– Det er eit samla styre som synes det er leit at Bakkebø no har sagt opp stillinga si som dagleg leiar i næringsrådet. Samtidig har vi stor forståing for den familiære situasjonen deira, og at han følte at dette var noko han måtte gjere, seier han.

Vidare skryt Hallèn av jobben Bakkebø har gjort den tida han satt som dagleg leiar.
– Det å starte ein organisasjon for næringslivet, sjølv om den har vore ønskja, er alltid ein utfordring. Spesielt for den som skal leie den gjennom dagen dei første månadane og året. Vi i styret synes at Bakkebø har gjort dette på ein god måte. Han har vore ei solid røyst for næringslivet i fylket, samstundes som han har tord å utfordre oss i styret og næringslivet internt. Når han først skal slutte synes vi det er kjekt at han har fått ein så sentral posisjon i eit nasjonal apparat. Vi håpar vi kan forsette å spele på lag, og vi kjem til å bruke han som ein ressurs også i framtida.

Ønskjer ny dagleg leiar
Styret jobbar no med å få på plass ein som kan ta over jobben som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.
– Det har vore sommar, men no når vi er tilbake frå ferie vil vi legge ein strategi i nær framtid. Leon er med på laget fram til han startar i ny jobb 1. oktober. Det er ønskjeleg å få på plass ein ny dagleg leiar snarast, avsluttar han.

 

 

 

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS