Sogn og Fjordane Næringsråd ser etter ny dagleg leiar

Leon Bakkebø har vore dagleg leiar i næringsrådet sidan april 2017. Etter litt over eit år i rolla takkar han no for seg.

– Bakgrunnen for at eg avsluttar arbeidsforholdet er at familien på forsommaren bestemte oss for å flytte til Oslo. Då vart det naturleg å søkje etter nye jobbutfordringar der, seier Bakkebø.

Finansieringsdirektør i Innovasjon Norge

I oktober startar han i ei nyoppretta stilling som finansieringsdirektør i Innovasjon Norge. Der skal han ha hovudansvar for å vidareutvikle og digitalisere finansieringstenestane til selskapet.
– Dette er ein svært spennande og utfordrande jobb der eg får vere ein del av eit stort og kompetent miljø, samtidig som eg får jobbe med vidareutvikling av norsk næringsliv som kundegruppe, seier Bakkebø.

Trass spennande ny stilling, synest han også at det er vemodig å gje seg allereie no.
– Det er sjølvsagt trist å gje seg etter så kort tid i næringsrådet. Men eg er trygg på at dette arbeidet blir vidareført på ein god måte.

Godt motteke blant næringslivet
Hovudoppgåva til Sogn og Fjordane Næringsråd er å fremje næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst muleg verdiskapning. I tillegg skal næringsrådet inspirere bedriftene i fylket til meir samarbeid og kunnskapsdeling og vere eit felles talerøyr overfor sentrale sluttande organ.
– Sogn og Fjordane Næringsråd har blitt godt mottatt blant næringslivet i fylket. Rolla som næringsrådet skal fylle er viktig for at næringslivet i fylket skal framstå endå meir attraktivt og gjennom smart samhandling mobilisere betre for ein tøffare global konkurranse. Samhandling, kunnskapsdeling og nyskaping bør fortsatt vere sentrale føringar for arbeidet til næringsrådet.

Stor forståing for valet
Yngve Hallén er styreleiar i Sogn og Fjordane Næringsråd. Han synes det er leit at Bakkebø gir seg, men har stor forståing for valet han har teke.
– Det er eit samla styre som synes det er leit at Bakkebø no har sagt opp stillinga si som dagleg leiar i næringsrådet. Samtidig har vi stor forståing for den familiære situasjonen deira, og at han følte at dette var noko han måtte gjere, seier han.

Vidare skryt Hallèn av jobben Bakkebø har gjort den tida han satt som dagleg leiar.
– Det å starte ein organisasjon for næringslivet, sjølv om den har vore ønskja, er alltid ein utfordring. Spesielt for den som skal leie den gjennom dagen dei første månadane og året. Vi i styret synes at Bakkebø har gjort dette på ein god måte. Han har vore ei solid røyst for næringslivet i fylket, samstundes som han har tord å utfordre oss i styret og næringslivet internt. Når han først skal slutte synes vi det er kjekt at han har fått ein så sentral posisjon i eit nasjonal apparat. Vi håpar vi kan forsette å spele på lag, og vi kjem til å bruke han som ein ressurs også i framtida.

Ønskjer ny dagleg leiar
Styret jobbar no med å få på plass ein som kan ta over jobben som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.
– Det har vore sommar, men no når vi er tilbake frå ferie vil vi legge ein strategi i nær framtid. Leon er med på laget fram til han startar i ny jobb 1. oktober. Det er ønskjeleg å få på plass ein ny dagleg leiar snarast, avsluttar han.