Stad Skipstunnel -Høyringsuttale til Prop 1S (2025–2026) NFD

Ei brei allianse samansett av kommunane i Nordfjord og Sunnmøre, Kystrederiene, Maritimt Forum, Næringsforeininga i Ålesund og Sogn og Fjordane Næringsråd er svært glade for at eit fleirtal på Stortinget har vedteke:

«Stortinget ber regjeringa sikre at Kystverket held fram og fullfører dei pågåande forhandlingane med dei utvalde entreprenørane i arbeidet med Stad skipstunnel, for å få fram ein endeleg pris, samt jobbe fram kostnadsreduserande tiltak.»

Over 500 bedrifter med fleire tusen tilsette langs kysten har signert eit opprop for å sikre framdrift i arbeidet med Stad skipstunnel. Dette viser kor breitt forankra prosjektet er, og kor viktig det er å sikre ei rettferdig behandling av samferdselsprosjekt – uavhengig av geografi.

Dette vedtaket er heilt nødvendig. For første gong på fleire år får vi høve til å fatte avgjerdsle basert på reelle kostnader og fakta – ikkje spekulasjonar og politisk synsing. Når regjeringa valde å stanse eit gryteklart prosjekt utan å hente inn endelege tal, skapte det uro i næringslivet og kystsamfunna.

Saka skal ikkje avgjerast no, men det er avgjerande at prosessen får gå sin gang. Stortinget har bede regjeringa om å la Kystverket fullføre forhandlingane og få fram endelege kostnader – det er rett steg før ei politisk avgjerd kan takast. Vi meiner dette arbeidet må gjennomførast, slik at Stortinget får eit oppdatert og påliteleg grunnlag for vidare behandling av saka i samband med revidert statsbudsjett. I mellomtida, medan denne prosessen går sin gang, meiner vi at det er fleire viktige oppfølgingspunkt som Næringskomiteen må vere merksam på. Desse handlar om likebehandling av prosjekt, berekning av samfunnsnytte, klimaeffektar og beredskap – det blir nærare omtala i dette dokumentet.


Verdiskaping – ny næringsutvikling og auka verdiskaping

Stad skipstunnel er ikkje eit symbolprosjekt – det er norsk verdiskaping i praksis.

Vertskommunane har lagt ned ein formidabel innsats for å sikre lokal gevinst og berekraftig utvikling. Det er gjennomført eit omfattande planarbeid med 18 vedtekne reguleringsplanar, inkludert ein arealplan for sjøområde, som bidreg til gjenbruk av tunnelmassar til nye næringsområde. Dette arbeidet er finansiert og drive fram i tett samarbeid mellom kommunane og næringslivet, og gir potensial for mellom 360 og 860 nye arbeidsplassar berre i vertskommunane.

Prosjektet vil i tillegg utløyse investeringar innan logistikk, maritim teknologi, fiskeri, havbruk og reiseliv, og styrkje ei kystnæring som allereie er blant dei største bidragsytarane til statskassa.

«Kysten leverer – men vert ikkje prioritert». Det er på høg tid at infrastrukturpolitikken speglar den verdiskapinga som faktisk skjer på Vestlandet, slik at vi kan halde oppe takta og sikre ei berekraftig utvikling der verdiane blir skapte.


Klima og miljøperspektiv

Stadhavet er i forvaltningsplanen for norske havområde definert som eit særleg verdifullt og sårbart område. Stad skipstunnel er ikkje berre eit samferdselsprosjekt, men eit konkret klimatiltak som leverer på alle dei politiske partia sine eigne mål om å flytte gods frå veg til sjø.

Nye berekningar frå Statens vegvesen og Kystrederiene viser at sjøtransport slepp ut berre halvparten så mykje CO₂ som tidlegare antatt – og langt mindre enn lastebiltransport. Med tryggare og meir føreseieleg seilas gjennom tunnelen vil endå meir gods velje sjøen framfor vegen, noko som gir store klima- og miljøgevinstar.

I dag er Stadhavet til hinder for ferdsel mellom 60 og 100 dagar i året. Når fartøy må vente på betre vêr, aukar både drivstofforbruk, tidsbruk og kostnader. Ved å føre skip trygt innaskjærs gjennom tunnelen kan mindre fartøy redusere drivstofforbruket med 30–60 % samanlikna med å krysse ope hav. Det gir klimakutt, lågare kostnader og eit meir effektivt transportløp.

Tunnelen vil ikkje berre redusere klimagassutsleppa, men òg energiforbruket. I framtidas lågutsleppssamfunn vil lågare energibruk styrkje konkurransekrafta til skipstrafikken forbi Stad – for fiskeflåten, kysttransporten og passasjertrafikken. Samstundes blir risikoen for havari og oljesøl kraftig redusert i eit av dei mest vêrutsette havstrekka langs norskekysten.

Prosjektet vil gjere det mogleg å sende meir fisk sjøvegen frå Ålesund – Noregs største fiskeeksporthamn – i staden for landevegen, og legg grunnlaget for framtidige nullutslepps hurtigbåtruter sørover mot Bergen. Overskotsmassane frå tunnelarbeidet vil bli nytta lokalt til å utvikle nye næringsområde i staden for å bli dumpa i Moldefjorden, noko som bidreg til berekraftig ressursbruk og lokal verdiskaping.

Stad skipstunnel handlar om handling bak orda – eit konkret klimatiltak som kan målast i reduserte utslepp, tryggare transport og berekraftig vekst. Når ein talar varmt om grøn omstilling, men samstundes stansar det einaste prosjektet som faktisk reduserer transportutsleppa i praksis, står vi igjen med fine ord – utan handling.


Forsvarsevne og beredskap

I ei tid med krig i Europa og aukande stormaktsrivalisering er det uforsvarleg å oversjå den strategiske verdien av Stad skipstunnel. Tunnelen vil sikre operativ forsyning for Forsvaret og allierte styrkar, og halde sjøvegane opne sjølv under ekstremvêr.

Tunnelen vil styrkje totalforsvaret og den nasjonale motstandskrafta, men òg vere avgjerande for forsyningstryggleik for befolkninga og næringslivet. Når 90 % av norsk utanrikshandel går sjøvegen, er det avgjerande at denne transportåra fungerer – også når vêret står på som verst.

Å investere i Stad skipstunnel er å investere i tryggleik for landet og forsyningstryggleik for folk flest, og prosjektet bør reknast som del av Noregs kritiske infrastruktur på linje med vegar, jernbane og fiber.


Samfunnsnytte – for kven?

Samfunnsnytta av Stad skipstunnel er både konkret og målbar: tryggare sjøtransport, reduserte utslepp, meir effektiv logistikk og nye arbeidsplassar langs kysten. Likevel blir prosjektet møtt med argument om låg samfunnsøkonomisk lønsemd – eit argument som ikkje står seg, fordi vurderingane blir gjorde etter ulike målestokkar frå sektor til sektor.

Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet bruker kvar sine modellar for å berekne nytteverdi. Vegprosjekt får høg utteljing for biltrafikk og tidsbesparing, medan sjøtransporten kjem dårlegare ut sjølv om tiltaka reduserer utslepp og aukar tryggleiken. Resultatet er at samfunnsnytta av maritime prosjekt systematisk blir undervurdert.

Dette blir ekstra tydeleg når ein samanliknar med jernbaneprosjekt på Austlandet, som blir prioriterte sjølv med negativ nytteverdi og kraftig kostnadsauke.

Frå rapporten «Ble Vestlandet lurt» (Initiativ Vest, 2024):

  • Follobanen skulle koste 11,7 mrd. – prislappen vart 39,2 mrd.
  • Sandbukta–Moss–Såstad skulle koste 5,2 mrd. – no 26,2 mrd., med varsla nye overskridingar.
  • Råde–Fredrikstad var planlagt til 2,7 mrd. – no anslått til 23,4 mrd.

Desse prosjekta har hatt kostnadsauke på fleire hundre prosent utan at dei er blitt stoppa, trass i at dei har låg eller negativ samfunnsnytte. Til samanlikning er kostnadsauken for Stad skipstunnel innanfor normal prisstiging.

Stad skipstunnel er eit klimatiltak på linje med jernbane, som også flyttar transport frå veg til sjø. Det bør difor handsamast etter dei same prinsippa som klimavenlege prosjekt på land – og ikkje belastast med meirverdiavgift, slik jernbaneprosjekt heller ikkje blir.

Å bruke samfunnsnytte som stoppsignal for dette prosjektet er å måle eit kystprosjekt med feil målestokk.


Oppmodingar til Næringskomiteen

Stad skipstunnel er ikkje eit symbol – det er eit verkemiddel for tryggleik, klima og verdiskaping som fortener same politiske og økonomiske rammevilkår som dei klimavenlege prosjekta på land.

  1. Sikre likebehandling av prosjekt. Stad skipstunnel må handsamast på lik linje med andre store infrastrukturprosjekt når det gjeld kostnadsauke som følgje av generell prisstiging.
  2. Legg større vekt på lokalt arbeid og kunnskap. Det ligg føre eit omfattande plan- og utgreiingsarbeid frå kommunane og næringslivet, delvis finansiert av næringslivet sjølv. Dette viser eit stort potensial for ny verdiskaping i regionen og på heile Nordvestlandet.
  3. Erkjenn tunnelen som eit klimatiltak og ein trygg grøn riksveg nr. 1. Stad skipstunnel er eit konkret bidrag til utsleppsreduksjon og grøn transport. Forskning viser at det vil bli våtare, villare og meir uforutsigbart vêr langs kysten – noko som forsterkar behovet for ei trygg og føreseieleg sjølei.
  4. Vurder prosjektet i lys av endra tryggleiksbilete. Krigen i Ukraina og aukande stormaktsrivalisering gjer trygge transportliner langs kysten kritisk viktige. Stad skipstunnel må vurderast som ein del av totalforsvaret og som ein sentral del av norsk beredskap og forsyningstryggleik.

Uttale Stad skipstunnel frå Næringsalliansen Vestland (13. oktober 2025)

Næringsalliansen Vestland ber om at Stortinget løyver naudsynte midlar til oppstart av Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2026.

Til

Partia på Stortinget
Stortingsbenken frå Hordaland
Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane
Stortingsbenken frå Møre og Romsdal

Næringsalliansen Vestland vart skipa i 2021 etter at Hordaland og Sogn og Fjordane vart til Vestland i 2020. (Hordaland frå 2008). Næringsalliansen består av 17 næringsråd i Vestland fylke: Austevoll, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Fikse (Etne og Vindafjord), Kvam, Kvinnherad, Nordhordland, Osterøy, Hardanger, Sogn og Fjordane, Stord, Tysnes, Vaksdal, Voss og Vest (Øygarden).

Næringsalliansen Vestland representerer meir enn 3000 verksemder og meir enn 150 000 arbeidsplassar.

Næringsalliansen Vestland er svært skuffa over at regjeringa føreslår å skrinlegge Stad skipstunnel. Regjeringa sviktar med dette ein heil landsdel og set ein dramatisk strek over eit svært omfattande planarbeid som har blitt gjennomført av Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Stad kommune, Kinn kommune og næringslivet i heile regionen gjennom mange år.

Dette er noko av det som statsminister Støre og regjeringa seier nei til:

Nytt næringsareal med tunnelmasse frå Stad skipstunnel i Kinn kommune med potensiale på 260–360 nye arbeidsplassar.

Nytt næringsareal med tunnelmasse frå Stad skipstunnel i Stad kommune med potensiale på 100–500 arbeidsplassar.

Totalt mellom 360 og 860 arbeidsplassar.

I tillegg til dette ligg det planar for svært store investeringar i reiselivet med nytt sentrumshotell i Måløy, nytt hotell på Seljesanden og på Vestkapp. Alt dette vil også gje store positive ringverknader til eksisterande næringsliv i heile regionen. Det vil også skape stor optimisme i næringslivet i eit område av landet som treng nettopp dette.


Ingen dramatikk i kostnadsutviklinga for Stad skipstunnel

Næringsalliansen Vestland aksepterer ikkje talgrunnlaget som statsminister Støre legg til grunn for å skrinlegge Stad skipstunnel. Ein aksepterer heller ikkje at dei positive ringverknadane av tunnelen ikkje blir lagt meir vekt på når ein skal ta ei så dramatisk avgjerd. Statsministeren viser til at kostnadane med Stad skipstunnel er 9,4 mrd. kroner. I denne summen er det både moms og eit garantibeløp på 1 mrd. kroner. Denne garantisummen er ikkje sikkert at det blir bruk for, og momsen får staten tilbake – i motsetning til jernbaneutbygging der det ikkje blir lagt på moms.

Næringsalliansen Vestland er også svært kritisk til at regjeringa aktivt har stoppa forhandlingane som Kystverket skulle ha med entreprenørane som har kome med tilbod på bygging av Stad skipstunnel. Dette er ikkje i tråd med det som regjeringa sjølv har svara til fleire stortingsrepresentantar før valet:

«Anbudsprosessen for prosjektet Stad skipstunnel er lagt opp som en anbudskonkurranse med forhandlinger.»

Regjeringa fører Stortinget bak lyset når den ikkje legg fram endelege kostnadstal før prosjektet blir føreslege skrinlagt.

Kostnadsauken med Stad skipstunnel er ikkje dramatisk, den er stort sett i samsvar med generell prisstigning for store samferdsleanlegg. Då Stortinget handsama Prop. 1 S (2023–2024) heiter det mellom anna:

Kostnadsrammen er lavere enn Kystverkets oppdaterte kostnads- og usikkerhetsanalyse som estimerer en forventet kostnad (P50) på 5 652 mill. kroner og en kostnadsramme (P85) på 7 132 mill. kroner, jf. omtale i Prop. 118 S (2022–2023).

Når ein ser på korleis mange jernbaneutbyggingar på Austlandet har hatt ein dramatisk kostnadsauke utan at det har blitt reagert eller stilt spørsmål, må ein spørje seg kvifor eit så viktig samferdsleprosjekt på Vestlandet blir skrinlagt – til og med utan at ein har fått fram den endelege kostnaden.

Dette er henta frå rapporten «Ble Vestlandet lurt» frå Initiativ Vest som kom i sommar:

  • Follobanen skulle koste 11,7 milliardar. Prislappen blei 39,2 mrd.
  • Sandbukta–Moss–Såstad skulle koste 5,2 milliardar. Prislappen er no 26,2 mrd. – men det er varsla nye kostnadssprekker.
  • Råde–Fredrikstad, som regjeringa vil bygge i neste periode, var tenkt til å koste 2,7 mrd. I transportplanen anslår regjeringa at det vil koste 23,4 mrd.

Næringsalliansen Vestland viser også til opprop frå Styringsgruppa for Stad skipstunnel som består av Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Stad, Kinn og Vanylven kommunar, LO, NHO, Næringsforeningen Ålesundregionen, Kystrederiene, Måløy Vekst og Stad Vekst.

Meir enn 520 bedrifter og personar har underteikna dette oppropet som er sendt til regjeringa og til Stortinget tidlegare.


Vi krev at Stad skipstunnel no blir realisert

Dette er eit av dei viktigaste samferdselsprosjekta for norsk kystnæring i moderne tid. Prosjektet vil:

  • sikre trygg og føreseieleg ferdsel året rundt på ei av dei mest vêrutsette strekningane i landet
  • erstatte ei dårleg og farleg skipslei, på same måte som vegutbetringar gjer. Dagens farlege skipslei medfører at mindre fartøy taper verdiskaping ved å måtte ligge til kai, medan større fartøy må gå lenger ut på havet
  • styrkje verdiskaping, eksport og konkurransekraft for norsk næringsliv
  • binde Vestlandet betre saman, skape nye bu- og arbeidsregionar og auke beredskapen langs kysten
  • redusere utslepp og gje store miljøgevinstar
  • opne for ny turisme og utvikling av kystsamfunna våre

Næringsalliansen Vestland støtter dette oppropet og ber om at Stortinget legg langt sterkare vekt på den verdiskapinga og næringsutviklinga som Stad skipstunnel vil gje på kysten av Vestlandet og i heile regionen.

Næringsalliansen Vestland ber om at Stortinget løyver midlar til oppstart i statsbudsjettet for 2026.


Beste helsing

Bjørn Lødemel

Næringsalliansen Vestland

📧 bjorn@sf-n.no 📞 917 77 488

Kopi:

Vestland fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stad kommune
Kinn kommune


Om Næringsalliansen Vestland:

Næringsalliansen Vestland blei stifta i 2008. Alliansen er eit nettverk samansett av 16 næringsforeiningar i Vestland. Saman representerer dei meir enn 3000 bedrifter og 150 000 arbeidsplassar og er ein viktig aktør når det gjeld næringsutvikling i heile fylket.

Uttale til fartsgrense gjennom Kaupanger sentrum

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært uroa over at ein ikkje får til ei tenleg 60 sone gjennom Kaupanger sentrum, og at det har teke så lang tid å får dette på plass. Dette er ei svært alvorleg hindring for vidareutvikling av eit svært oppegåande og offensivt næringsliv på Kaupanger og i Sogndal.

Høyringsuttale til forslag til lov om besøksbidrag

Regjeringa har sendt på høyring eit utkast til nytt besøksbidrag. Det er høyringsfrist 3. januar.

Høyringsuttalelse

Framside NTP

Sogn og Fjordane Næringsråd har sendt høyringsuttalelse til Meld. St. 14 Nasjonal Transportplan 2025-2036 frå Sogn og Fjordane Næringsråd.

Les høyringsuttalelsen her →

Høyringsfråsegn frå Sogn og Fjordane Næringsråd til innretning av nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026

Sogn og Fjordane Næringsråd har sendt høyringsfråsegn til innretning av nullutslepp i
verdsarvfjordane frå 2026 til Sjøfartsdirektoratet.

Innspel til handsaminga av Prop 78 LS Grunnrenteskatt på havbruk

Sogn og Fjordane Næringsråd sende høyringsuttale til regjeringa v/finansdepartementet om «lakseskatten» 4. januar og ønskjer å sende eit innspel til finanskomiteen si handsaming av Prop. 78 LS Grunnrenteskatt på havbruk.

Les meir i lenka: Innspel til handsaminga av Prop 78 LS Grunnrenteskatt på havbruk

Høyringsuttale til NTP og RTP 2025-2036 frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Sogn og Fjordane Næringsråd viser til Høyringsuttale til NTP 2022-2033 som vart sendt til Vestland fylkeskommune 27.03.2020 og til RTP 2022-2033 som vart sendt 31.03.2022.

Sogn og Fjordane Næringsråd vidarefører dei kommentarane og prioriteringane som ligg i desse høyringsuttalane. I tillegg vil vi kome med oppdaterte innspel i høve til framlegget frå transportetatane.

Les meir i lenka: Høyringsuttale til NTP og RTP 2025-2036 frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Høyringsuttale om grunnrenteskatt på havbruk

Sogn og Fjordane Næringsråd vart skipa i 2016 og har som målsetting å vere ein sterk og samlande næringspolitisk organisasjon på vegne av næringslivet i Sogn og Fjordane. Ved årskiftet har Sogn og Fjordane Næringsråd 120 medlemar frå ulike bedrifter og organisasjonar og fleire av desse er frå Havbruksnæringa.
Sogn og Fjordane Næringsråd er også medlem i Næringsalliansen Vestland og har eit tett og godt samarbeid med dei andre næringspolitiske organisasjonane på Vestlandet.

Les meir i lenka: Høyringsuttale om grunnrenteskatt på havbruk

Innspel til høyring i Transport og kommunikasjonskomiteen

Sogn og Fjordane Næringsråd vedtok på styremøte 20. januar 2020 prioriteringar for NTP 2022-2033. Desse vart sendt til Vestland fylkeskommune og dei er også vidareformidla til Samferdsledepartementet. Styret i Sogn og Fjordane Næringsråd har vedteke at Aust – Vest sambandet over Hemsedal og Ferjefri E 39 skal ha hovudprioritet i arbeidet med rulleringa av NTP 2022 – 2033.

Les meir i lenka:

Høyringsinspel til Meld St 20 NTP 2022-2033

 

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS