Kraftprisar

Spørjeundersøking økonomiske utsikter

I romjula vart det sendt ut ei spørjeundersøking om dei økonomiske utsiktene for 2022, og det kom inn totalt 425 svar frå næringslivet i heile Vestland. Med bakgrunn i dette vart det i helga laga ein uttale frå Næringsalliansen Vestland på dei to viktigaste sakene. Det var:

  • kraftprisar
  • oppheving av skjenkestoppen
Kraftprisar

Kraftprisar og prisområde.

Her er svara på undersøkinga og uttalen som vart sendt denne veka:

kortversjon-økonomiske-tilstander-2022.pdf (bergen-chamber.no)

20221210 Opprop mot skjenkestopp

 

Grøn region Vestland

Sogn og Fjordane Næringsråd og Næringsalliansen Vestland har vore pådrivarar og aktive deltakakarar i arbeidet både med Vestlandssenarioene i 2020 i arbeidet med Vestlandsporteføljen i 2021. Dette har vore ein viktig del av grunnlaget for den første næringsplanen i Vestland fylkeskommune, og det har vore fylkeskommunen og Innovasjon Norge som har vore oppdragsgjevarar. EY har utført arbeidet og meir enn 260 bedrifter og organisasjonar har delteke i arbeidet i heile Vestland.

Gjennom arbeidet med Grøn region Fjordane og Indre Vestland har vi sett svært mange bedrifter frå Sogn og Fjordane som driv banebrytande arbeid både nasjonalt og internasjonalt. Det er fantastisk kjekt og inspirerande å sjå kor mykje spennande som skjer i næringslivet i Sogn og Fjordane når det gjeld grøn omstilling og berekraftige løysingar og vi anbefaler sterkt å bruke litt tid til å gå gjennom rapportane i Grøn region Vestland. Desse ligg mellom anna på heimesida til Sogn og Fjordane Næringsråd og Vestland fylkeskommune (trykk på bilda for å gå vidare):

Grøn region

Indre Vestland

Generalforsamling 7. juni

Sogn og Fjordane Næringsråd ønsker velkommen til generalforsamling på Quality Hotel Sogndal 7. juni kl. 12.00 – 17.30. Eit sentralt tema på programmet er klimamelding og bærekraft, og vi har blant anna med oss klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Fullt program finn du her:

Program open del Generalforsamlinga Sogn og Fjordane Næringsråd

Påmelding til: bjorn@sf-n.no seinast 1. juni.
Førstemann til mølla om det blir restriksjonar i talet på deltakarar.

Pris for lunsj og kaffimat er 350,- kroner (betalast direkte til hotellet). Bestill lunsj ved påmelding. 

Årsrapport for Sogn og Fjordane Næringsråd 2020

Vi har bak oss eit svært spesielt og krevjande år på alle måtar. Koronapandemien har sett sitt preg på det meste vi har gjort både som enkeltpersonar, næringsliv og offentlege myndigheiter. For mange av våre medlemsbedrifter har det vore eit svært krevjande år med stor usikkerheit både for det daglege og for framtida. Særleg gjeld dette for reiselivet. For andre har det gått betre, og det er å håpe at etter kvart som fleire og fleire blir vaksinert kan vi kome tilbake til ein meir normal situasjon både for næringslivet og for samfunnet.

Les heile årsrapporten her:

Årsrapport SFN 2020

Innspel til høyring i Transport og kommunikasjonskomiteen

Sogn og Fjordane Næringsråd vedtok på styremøte 20. januar 2020 prioriteringar for NTP 2022-2033. Desse vart sendt til Vestland fylkeskommune og dei er også vidareformidla til Samferdsledepartementet. Styret i Sogn og Fjordane Næringsråd har vedteke at Aust – Vest sambandet over Hemsedal og Ferjefri E 39 skal ha hovudprioritet i arbeidet med rulleringa av NTP 2022 – 2033.

Les meir i lenka:

Høyringsinspel til Meld St 20 NTP 2022-2033

 

Høyringsuttale til regional plan for innovasjon og næringsutvikling i Vestland

Dersom regional plan for innovasjon og næringsutvikling skal ha verdi for næringslivet i Vestland, er det heilt avgjerande at planen er godt forankra i alle delane av næringslivet. Det gjeld i alle næringar og i store, små og mellomstore bedrifter. Planen må vere mest mogeleg konkret for at den skal bli ei viktig rettesnor for næringslivet og bedriftene i Vestland. Derfor må det arbeidast med konkrete handlingsplanar på same tid som ein arbeider med sjølve planen.

Les meir i lenka:

Høyringsuttale Regional plan for Innovasjon og Næringsutvikling

INNSPEL TIL REGIONAL TRANSPORTPLAN 2022-2033

Styret i Sogn og Fjordane Næringsråd vedtok på styremøte 20.01.2020 at Aust – Vest sambandet over Hemsedal og Ferjefri E 39 skal ha hovudprioritet i arbeidet med rulleringa av NTP 2022 – 2033.

Les meir i lenka:

Innspel til Vestland fylkeskommune RTP 2

 

Krav om prioritering av ferjefri E39

Ferjefri E39 er Vestlandet sitt Inter-City samband og det viktigaste sambindingsprosjektet på Vestlandet. Det er også eit svært viktig nasjonalt prosjekt. Ferjefri E39 vil knyte saman heile Vestlandet på ein rask, effektiv og framtidsretta måte. Visjonen om eit ferjefritt samband på Vestlandet må forsterkast og vidareutviklast i Regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2022-2033.

Les meir i lenka:

Innspel til Regjeringa sitt arbeid med NTP 2022-2033. Ferjefri E39

Høyringsinnspel til stadsbudsjettet 2021 Stad skipstunnel

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsforeningen Ålesundregionen ber om at Stortinget løyver 60 millionar kroner til oppstartsmidlar for Stad skipstunnel ved handsaminga av Statsbudsjettet 2021.

Klikk på lenka for å lese meir:

Høringsuttale til Statsbudsjettet SFN BN NÅ

Vil hjelpe hotell og restaurantar i regionen: Oppmodar bedrifter til å betale mini-julebord for tilsette.

Korona har gjort at mange bedrifter avlyser årets julebord. No vil BOB, Sogn & Fjordane Næringsråd og Førde industri- og næringssamskipnad (FINS) strekke ut ei hand til ei kriseråka hotell- og restaurantnæring.

– BOB sine tilsette i Førde vil samlast til mini-julebord, og vi håpar fleire bedrifter i Sogn & Fjordane gjer tilsvarande. Med dette kan vi bygge kollegafellesskap og samtidig støtte ei næring som er særleg råka av korona, seier Liv-Judit Straume, regiondirektør i BOB.

I Bergen har bustadbyggelaget BOB i lag med Bergen Næringsråd og NHO Reiseliv allereie fått med seg fleire på ideen. BOB sine til saman 160 tilsette vil få tilskot til å ete på restaurant i mindre grupper på maks ti personar før jul.

Sogn og Fjordane Næringsråd er glade for initiativet

– Det er svært positivt å sjå kva BOB og Bergen Næringsråd har sett i gang i Hordaland. Vi støttar svært gjerne opp eit liknande initiativ i Sogn og Fjordane, seier Bjørn Lødemel, dagleg leiar i næringsrådet.

Hotell- og serveringsbedrifter er ofte viktige arbeidsplassar i lokalmiljøet. Næringsrådet oppmodar bedriftene i regionen til å nytte dei til å arrangere møter, konferansar og julebord og andre arrangement framover.

– Det er etablert gode rutiner for smittevern, og vi trur mange har behov for å møtast fysisk etter fleire månader på heimekontor.

Oppmodar medlemsbedrifter til julebord

– Vi i FINS meiner dette er eit glimrande tiltak, og vi oppmodar våre medlemsbedrifter til å arrangere julebord også i desse koronatider, seier Geir Opseth, leiar i FINS

 

Viktig sesong

Julebordsesongen er svært viktig i hotell- og restaurantbransjen.

– Særleg i år med den situasjonen vår næring har vore i. Vi har svært gode rutiner for å gjennomføre arrangement på ein god og forsvarleg måte, så hos oss kan folk føle seg trygge, seier representant for bransjen, hotelldirektør Sindre Årdal.

– Eit anna alternativ til det tradisjonelle julebordet kan vere å gje gåvekort på middag i ein av restaurantane våre, legg han til og ser optimistisk fram mot årets julebordsesong.