På plass i PEAK Sunnfjord

Frå no av finn du Sogn og Fjordane Næringsråd i Peak Sunnfjord i Senturm Sør i Førde. Her deler vi kontor med Framtidsfylket. F.v. Dagleg leiar i SFN, Bjørn Lødemel og Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Sogn og Fjordane Næringsråd er på plass i PEAK Sunnfjord.

1. mars flytte Sogn og Fjordane Næringsråd inn i PEAK Sunnfjord. Adressa er Hafstadvegen 25, 6800 Førde. Her er vi del av eit nytt og dynamisk kontorfellesskap for gründarar, oppstartselskap, etablerte teknologibedrifter og verkemiddelapparat. Vi deler kontor med Framtidsfylket, slik vi har gjort tidlegare i andre lokale, og vi gler oss veldig til å utvikle eit spennande samarbeid med mange offensive og nyskapande bedrifter.

Sogn og Fjordane Næringsråd har ei open dør til næringslivet og næringslivsorganisasjonane i Sogn og Fjordane, og vi håpar at plasseringa i PEAK Sunnfjord vil gjere det både lettare og meir interessant å besøke oss. Vi har tilgang til det beste av møtefasilitetar og møterom, og vi skal legge til rette for gode og effektive møter. Det vil ikkje vere faste kontortider for SFN på grunn av mykje reiseverksemd. Derfor er det bra om ein kan melde frå i god tid om ein ønskjer møte.

Sjølv om vi har fått oss gode kontorfasilitetar, er det er ei prioritert oppgåve for SFN å besøkje medlemsbedriftene på si heimebane. Dersom de går inn på Facebooksida til Sogn og Fjordane Næringsråd, vil de sjå gode døme på det. Dersom du ikkje er følgjar på sida er du hjarteleg velkommen.

Uansett om du vil besøke oss på PEAK Sunnfjord eller de ønskjer at SFN skal kome på besøk kan de bruk epostadressa, telefon eller messenger og gjere avtale.

Generalforsamling i Sogn og Fjordane Næringsråd 25. april 2019.

Vi er i innspurten med programmet og opplegget for generalforsamlinga 25. april. Det skal bli ei spennande samling med svært aktuelle tema. Vi kjem til å legge ut programmet i løpet av kort tid, men det er berre å sette av dagen allereie no. Vi håpar at svært mange av våre medlemer vil vere med på Generalforsamlinga.