Julehelsing frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Året er snart omme og jula nærmar seg med stormskritt. I ei knapp månad har eg vore dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, og eg er mektig imponert over alt som skjer her i fylket.

Eit næringsrikt 2019
Vekene har gått med til møte med bedrifter og næringsorganisasjonar for å knyte kontakt, og for å lære om viktige og aktuelle næringspolitiske saker. Det har kome mange viktige saker på blokka mi, som eg gler meg til å jobbe vidare med i 2019.

Det handlar om endringar i skatteregime for nokre av dei naturbaserte næringane, og nye saker som dukka opp i samband med statsbudsjettet. Viktige saker som Stad skipstunnel, nettleige og arbeidet mot kommersielle flyruter i Florø, og dei andre flyplassane i fylket, har blitt diskutert. Næringsrådet ser fram til å jobbe vidare med desse og fleire andre saker inn mot sentrale styresmakter på nyåret.

Bør vere stolte
Næringslivet i Sogn og Fjordane er offensivt og nyskapande. Det finst utruleg mange gode eksempel på nettopp dette, og det bør vi vere stolte av. Likevel er det store utfordringar på fleire området. Det er urovekkande mangel på arbeidskraft fleire stadar. Lokale styresmakter må ha større fokus på næringsutvikling og å gje næringslivet gode vilkår for å skape vekst og auka verdiskaping. Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer å ha fokus på desse utfordringane framover, og samarbeide aktivt med andre organisasjonar for å få ei positiv utvikling også på desse områda.

Sterke saman
Vi har store mogelegheiter til å utvikle ein sterk næringspolitisk organisasjon som skal tene næringslivet i Sogn og Fjordane. Ein organisasjon som kan opptre på vegne av næringslivet i fylket overfor sentrale styresmakter og som kan samarbeide tett med andre næringslivsorganisasjonar, enkeltbedrifter og næringar når det skjer endringar som har konsekvensar for vårt næringsliv.

For å klare dette er det avgjerande å ha brei representasjon i Sogn og Fjordane Næringsråd frå alle næringar, frå næringslivsorganisasjonar og frå enkeltbedrifter. Vi må ha inngåande kjennskap til utfordringane for næringslivet i fylket dersom vi skal kunne fremje næringslivet sine interesser. Det gjer vi best med å møtast og utveksle erfaringar og ha eit konstruktivt og tett samarbeide på alle nivå og med alle våre samarbeidspartnerar.

I 2019 skal vi utvikle ein sterk, kompetent og samlande næringslivsorganisasjon med stor politisk gjennomslagskraft. Vi skal vere pådrivar for framtidsretta strategisk utviklingsarbeid i fylket, og vi skal fortsette å jobbe for deg og DI bedrift.

Ikkje medlem? Meld bedrifta di inn her! 

No gjenstår det berre å ønskje dykk alle ei riktig god jul og eit optimistisk 2019!