God sommar frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Sommaren står framfor oss og vêrprognosane ser lovande ut. Det er bra for mange.
Det betyr at nokre bedrifter tar ein velfortent pust i bakken, medan andre går inn i sin absolutte høgsesong. Vi har liv og aktivitet i fylket gjennom heile året.

Reiselivsnæringa står sterkt i fylket vårt og den har evna å omstille og utvikle seg i takt med marknadsendringane. Dette er ei global vekstnæring der vi har naturgitte fordeler for å ta sterke posisjonar i ein marknad med stadig sterkare kjøpekraft. Det gir uante mulegheiter for vidare vekst og heilårsarbeidsplassar.

Best på verdiskaping
Det aller meste av næringslivet i fylket vårt går veldig bra for tida. Ifølge nyleg statistikk frå Fylkeskommunen har det aldri før blitt skapt fleire arbeidsplassar og verksemder i fylket.  Verdiskapinga per innbyggar er blant dei aller høgste i landet, og arbeidsledigheita er som vanleg låg. Dette er jo god lesnad og det varmar eit næringslivhjarte.

Må jobbe målretta
I dette glansbildet blir det då viktig framover at vi jobbar endå meir målretta med to sentrale forhold. Det er eine er å gjere det endå meir attraktivt for nyetableringar og kommersialisering av nye forretningsidear. Vi har mange gode suksesshistorier å formidle her. Det andre er rekrutteringsarbeid og kompetanseutvikling som må høgt på prioriteringslista. Vi må utvikla talenta vi har og bli endå flinkare på å synleggjere muligheitene og attraktiviteten for komande talent som vil jobbe i næringslivet vårt.

Tre viktige prosjekt
Her arbeider næringsrådet konkret med tre prosjekt. Det første er ein kapitaldag der vi skal kople gründerbedrifter og etablerte bedrifter opp mot kapitalmiljø på Vestlandet. Kapital er eit knappheitsgode for mange nye, gode forretningsidear. Det andre er eit omdømmeprosjekt som skal synleggjere merkevara med mangfaldet og krafta til næringslivet i sentrum. Det tredje er ein leiarutviklingsprogram som vi samarbeider med NHH og AFF om å utarbeide. Planlagt oppstart for dette er til nyttår. Begge desse prosjekta er sentrale for å auka næringslivet si synlegheit, attraktivitet og utvikle relevant kompetanse for å styrke konkurransekrafta vår.

 

Ha ein fortreffeleg sommar.