Leiing av det nye fylkesmannsembetet frå Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Næringsråd er bedriftene og næringslivet i Sogn og Fjordane sin eigen medlemsorganisasjon. Dei skal fremme medlemmane sine interesser og synspunkt og være eit samlande talerøyr for prioriterte og viktige saker for næringslivet i  Sogn og Fjordane.

Framtidig lokalisering av leiinga av det framtidige fylkesmannsembetet for den nye Vestlandsregionen er ei  viktig sak som engasjerer næringslivet i Sogn og Fjordane. Eit samla næringsliv i fylket står bak ønskje om at leiinga av fylkesmannsembetet for Vestlandsregionen skal lokaliserast til Leikanger.

Det er tre forhold vi meiner er sentrale i våre synspunkt:

  1. Fylkesmannen har med sitt leiarnærver og kompetansemiljø vore og er ei viktig drivkraft i moderniseringa av Sogn og Fjordane.
  2. Strukturreformene i politi, høgskule, Innovasjon Norge etc har svekka leiarkrafta i fylket
  3. Intensjonsavtalen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane må ligge til grunn om regionreforma skal skape entusiasme og utviklingskraft i fylket.

 

Nedanfor har vi gitt ein meir utfyllande kommentar til dette:

  1. Samarbeid mellom fylkesmannembetet og næringsaktørane i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har over lang tid utvikla ein organisasjon som har god erfaring og kultur for å engasjere og samarbeide godt med næringslivet i fylket.  Vi opplever eit embete som er framtidsretta i sitt arbeide og set utvikling og tilrettelegging for næringsaktørane og innbyggjarane i fylket på agendaen.  Dette har bidrege til å skape eit viktig grunnlag for mykje av den verdiskapinga og positive utviklinga som næringslivet i fylket har hatt.  Ei nærverande leiing er viktig for å være denne medverkande drivkrafta og vidareutvikle dette samarbeidet i eit elles fragmentert fylke.

  1. Kompetanse og utviklingskraft

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane representerer eit viktig regionalt kompetansemiljø innafor både økonomistyring, digitalisering, oppvekst, sikkerheit og forvaltning. Dei har bygt ein god kultur i organisasjonen for å utnytte moglegheitene som ligg i IKT og for å utvikle digitale løysingar og nye arbeidsmåtar som gir betre og meir effektive tenester for oss som brukarar. Samtidig har dette sterke IKT miljøet skapt grunnlag for utvikling av attraktive IKT miljø hos nærliggande næringsaktørar i regionen med tilhøyrande viktig knoppskyting.

Samarbeidet mellom fylkesmannen, næringslivet, høgskulen, Vestlandsforsking og fylkeskommunen i IT-forum vart ei drivkraft for breibandutbygging og digitalisering i heile fylket. I dag syner arbeidet att i pionerprosjekt i e-helsesystem mellom kommunar og sjukehus, i digitale læringsplattformer, utprøving av omsorgsteknologi, digitalisering og automatisering i bedriftene, etablering av DiFi på Leikanger og oppretting av ei næringsretta IT-utdanning på høgskulenivå i Førde. Vi tør påstå at den tette dialogen kunnskapsmiljøet  hos fylkesmannen har med kommunane, næringslivet og FoU-miljøet i fylket har vore og er ei viktig drivkraft i moderniseringa av distriktsfylket Sogn og Fjordane. Næringslivet i fylket meiner vi treng denne drivkrafta framover og den ekstra styrken som ligg i at toppleiinga for det samordna embetet på Vestlandet blir lagt til Sogn og Fjordane.

 

I Sogn og Fjordane har dei regionale etatane ein lang tradisjon for å samarbeide godt på tvers, for å støtte kommunane, sikre gode tenester og ei god utvikling i fylket. Vi meiner desse samarbeidsstrukturane er ein del av forklaringa på kvifor Sogn og Fjordane ligg i landstoppen på levekårsstatistikkane, skuleresultat og gjennomstrøyming i vidaregåande skule.  Dette er også viktig for utvikle eit attraktivt næringsliv og lokalmiljø.

 

  1. Attraktiv arbeidsplass

Det er vår oppleving at Fylkesmannen er ein svært attraktiv arbeidsplass,  tiltrekker seg ressursar med høg kompetanse og har høg stabilitet på arbeidskrafta. Leikanger er ein del av eit større, felles bu- og arbeidsområde med om lag 30 000 innbyggjarar. Andre etatar som ligg i Leikanger er Difi, Nav fylke og NAV si landsdekkande økonomiteneste, regionkontoret for Statens vegvesen, Skatteopplysninga si nasjonale leiing og avdelingsleiinga for Vestlandet, Skatt vest si eining i Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I regionsenteret Sogndal, 20 km unna, ligg fylkets største vidaregåande skule, høgskulen og Vestlandsforsking. Saman med ei rekkje private verksemder og eit sterkt organisasjonsliv, utgjer dette ei sterk og attraktiv klynge av verksemder. Fylkesmannsembetet er ein sentral aktør i denne klynga. Ei nær og engasjert leiing lokalisert i Leikanger er kritisk for at dei fortsatt skal framstå som ei sterk drivkraft i dette miljøet.

  1. Balansert fordeling av leiarfunksjonar i ein ny region

Strukturreformer i regional stat har ført til at Sogn og Fjordane misser viktige leiarfunksjonar og kompetanearbeidsplassar. Politireforma har ført til nedlegging av Sogn og Fjordane politidistrikt, og leiinga for nye Vest politidistrikt ligg i Bergen. Samanslåinga av høgskular gjer at dei fleste leiarfunksjonane i den nye Høgskulen på Vestlandet vert samla i Bergen. Nyleg vart Innovasjon Norge sine kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman, og leiinga er plassert i Bergen.

Dersom alle etatar som blir regionaliserte skal leiast frå Bergen, er det ein risiko for at Sogn og Fjordane endar opp som «filialfylke». Sjølv om det for fleire av dei nemnde verksemdene er vedteke delt lokalisering, er det ein risiko for at den minste staden gradvis kan bli nedprioritert viss det ikkje er ei stadleg leiing. Dersom dagens sterke institusjonar med attraktive leiarstillinga i bu- og arbeidsregion Sogn vert bytt ut med «filialkontor» utan leiarar, vil dette redusere attraktiviteten til denne regionen monaleg. Det vil igjen ha negative verknader for private verksemder i området.

  1. Lojalitet til prosessar

Fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er i intensjonsplanen for samanslåinga til region Vestlandet samde om at politisk og administrativ leiing for det folkevalde regionale nivået skal vere i Bergen, medan dei legg til grunn at eit samanslått fylkesmannsembete skal ha ei delt lokalisering og verte leia frå Sogn og Fjordane. Næringslivet i Sogn og Fjordane opplever den framforhandla intensjonplanen som eit førande dokument og forpliktande grunnlag for dei seinare demokratiske vedtaka som er gjort i fylkestinga.  Og dette er ein samla avtale som er godt balansert i det å fordele roller og ansvar i ein framtidig felles region. Vi er såleis av den oppfatning at skal vi skape framtidig brei entusiasme og oppslutning om ein ny felles region, så må vi ha respekt for og holde oss til dei demokratiske vedtaka som er gjort.