Vil bygge vinnarlaget

Leon Bakkebø tilsett som første daglege leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

 

Sogn og Fjordane Næringsråd har tilsett Leon Bakkebø som sin første daglege leiar. Han skal inspirere bedriftene i fylket til meir samarbeid, meir kunnskapsdeling og bli eit vinnarlag på Vestlandet. 

 

Leon Bakkebø er frå Dale, men har budd mange år i Stryn og er i dag busett på Sandane. Han er utdanna siviløkonom og har hatt mange leiande roller i både norske- og utanlandske selskap. Mellom anna har han vore engasjert i industrien, i handelsverksemd, maritim sektor, gründerselskap og ikkje minst i bank og finans.

 

-Eg har eit brennande engasjement for heimfylket mitt og håpar at eg kan bruke erfaringa mi til å fremje vekst og utvikling i Sogn og Fjordane, seier Leon Bakkebø.

 

Innovativt fellesskap

Sogn og Fjordane Næringsråd er ein nyskipa organisasjon som Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest har teke initiativet til. Rådet har invitert alle bedriftene i fylket til å bli medlem for å fremje næringsinteressene og hente inspirasjon frå kvarandre i eit innovativt fellesskap.

 

-Initiativet har blitt møtt med begeistring. Ikkje minst i eit fylke med store avstandar og mange små miljø, er det trong for ein slik samlande organisasjon som løfter fram behov, idear og kunnskap. Håpet mitt er at Sogn og Fjordane Næringsråd skal kompensere for manglande klyngemiljø i fylket, seier den nyvalde, daglege leiaren.

 

På godfot med kvarandre

Leon Bakkebø brukar fotballspråket for å karakterisere utfordringa i Sogn og Fjordane. Han trur bedriftene og offentlege organ i fylket må dyrke kvalitetane sine og spele kvarandre gode for å vinne kampar og konkurransar i åra framover.

-Vi skal få fram vinnarlaget, er den klare oppmodinga frå Leon Bakkebø.

 

Nøgd styreleiar

– Vi er svært nøgde med at Leon Bakkebø takka ja til stillinga. I han har vi fått ein leiar som brenn for nærings- og samfunnsutviklinga i fylket, ein erfaren leiar og ein person som kjenner næringslivet godt. Med hans glød og entusiasme er eg sikker på at vi har fått ein dagleg leiar som vil inspirere bedriftene og vere ei tydeleg røyst frå næringslivet i kommunikasjonen med andre samfunnsaktørar, seier styreleiar Yngve Hallén i Sogn og Fjordane Næringsråd.