Høyringsuttale til val av hovudvegsamband mellom Aust- og Vestlandet

Sogn og Fjordane Næringsråd (SFN) har merka seg at SVV to gonger har tilrådd rv. 52 som hovudvegsamband mellom Aust- og Vestlandet. SFN vil i samsvar med SVV si tilråding, krevje at rv. 52 blir hovudvegsamband mellom Aust- og Vestlandet.

I høve rv. 7, har rv.52 best vinterregularitet, klart lågast stigningsprofil og er ikkje konkurrent til jernbana. Vegen har også mest tungtransport.

Alt i dag finn vi derfor at den store tyngda av trafikk mellom aust og vest går på rv. 52. Trafikken går dit den kjem snøggast og rimelegast fram.

Det ville ha vore interessant om departementet i tillegg hadde rekna på netto nytte-vinst ved å etablere ei bru Manheller-Fodnes. Dette er i dag det største ferjesambandet i fylket. Med ei ny bru på plass, ville tidsbruken Florø-Oslo med ein ny rv. 52, bli redusert frå 8 timar til 6,9 timar.

 

Det spesielle med rv.52 er at kvart steg i opprustinga vil komme trafikken til gode. Trafikken går der i dag og vil straks kunne ta forbetringar i bruk, i motsetnad til andre vegstrekningar der større tiltak må til for å endre køyrevala til person- og godstrafikken.
Rv. 52 opnar heile Vestlandet mot Austlandet for person- og godstrafikk i kombinasjon med E134 og ein diagonal (Hordalandsdiagonalen) som sikrar Bergen og Hardanger.

Vegen vil knyte kystnæringane til innlandet og Austlandet og synleggjere effekten av å opne Nordvestlandet. Mange ser på kystnæringane som den nye olja. Med stuttare reiseavstand og betre veg, vil vi også kunne nå Gardermoen og med det utlandet som er viktige marknader nett for desse næringane. Fisk er ei av dei viktigaste næringane i Norge og ein snøgg og trygg veg vil gi oss betre konkurransekraft.

Sogn og Fjordane er med 1,3 mill. gjestedøgn og NOK 1,6 mrd. i reiselivsomsetning per år eit av landet sine største reisemål med nokre av Norges fremste attraksjonar.
Rv. 52 over Hemsedal er ein særs sentral og viktig vegstrekning for reiselivet i Sogn og Fjordane og for trafikken mellom Oslo – Sognefjorden – Nordfjord-Sunnmøre og Bergen. Trafikkaksen Oslo – Sogn – Bergen er spesielt viktig med det største volumet i form av attraksjonsbesøk i Flåm og gjestedøgn i Sogn. I tillegg kjem trafikken nord mot Nordfjord/Geiranger/Sunnmøre og sørover mot Voss/Hardanger/Stavanger.

Medan jarnbana fraktar 70 % av stykkgodset mellom Bergen og Oslo, er det ikkje godstransport på bane til Sunnmøre og Sogn og Fjordane. Bergensbana må rustast opp og gjerast konkurransedyktig for transport, men det gir inga løysing for store deler av Vestlandet.

For Nord-Vestlandet er også rv. 15 ein svært viktig veg der spesielt Strynefjellstunnelane må på plass.

I valet mellom Hemsedalsfjellet og Hardangervidda som det andre hovudvegsambandet, krev vi at valet vert utbygging av rv. 52.